Kalendaren er open for alle:
- Organisasjonar som er registrerte i kommunen og driv ein lovleg aktivitet
- Enkeltpersonar som representerer ein lovleg kulturaktivitet, samt for
- Kulturarrangement i kommunal regi.
Dette er arrangementstypar som skal prioriterast:
- Arrangement som er opne for ålmenta
- Festivalar
- Konsertar
- Kino og teater
- Kunstutstillingar
- Idrettsarrangement
- Årsmøte i lag og organisasjonar
Dette er arrangement som ikkje bør tillatast:
- Vanlege medlemsmøte – desse vert kunngjort internt i laga
- Interne kunngjeringar som dugnader og liknande
- Private arrangement
- Arrangement som er i konflikt med norsk lov
Lag og organisasjonar som ynskjer det skal kunna sende / ringe inn arrangementet som før, og få hjelp av servicekontoret til å publisere det på kalendaren.
Kommunane er ansvarlege for det som vert lagt inn, det er difor naudsynt med ein kontroll før aktivitetar vert synlege på kalendaren. Denne kontroll-funksjonen ligg hjå Sevicekontoret. Det vil difor ta ca. ein dag før arrangementet blir synleg på kalenderen

