Bilde fra Balestrand
English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten: 

Barneverntenesta inn i Sogn barnevern

Introduksjonsdag 7. september

Frå 1. september 2011 er det Sogn barnevern som har ansvar for barneverntenesta i Balestrand kommune. Den 7. september var dette markert her i Balestrand.
Sogn barnevern - introduksjonsdag 7
Denne dagen vart avsett som ein introduksjonsdag for det nye samarbeidet. Dei fleste tilsette i Sogn barnevern tok turen hit ut til Balestrand. Her stilte alle naturlege samarbeidsparter for barnevernet opp. Dette er rektorar på skulane, styrar for barnehage, PPT-rådgjevar, Psykiatrisk rettleiar, pedagogisk rådgjevar, helsesøster, kommunelege, NAV-leiar, politi samt administrativ og politisk leiing i kommunen.

Målsetjinga var å bli betre kjende, og å drøfte moment som gjer at barneverntenesta kan fungere best mogeleg i tida som kjem.

I tillegg vart det gjennomført ei høgtideleg og fin markering av at Balestrand no har slutta seg til Sogn barnevern av ordførarane Einar Målsnes og Jarle Aarvoll.

Under oppsummeringane var det ei samstemt oppfatning; dette skal bli ei stabilt og fagleg god teneste - til beste for brukarane i Balestrand.
Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Barnevernet

Frå 1. september 2011 har Sogn Barnevern teke over ansvaret for barneverntenesta i Balestrand kommune.

 

Postadresse:

Sogn Barnevern
Postboks 243
6852 SOGNDAL

Besøksadresse:

Dalavegen 2
6856 Sogndal

Telefon: 57 62 97 30
Epost

Opningstid:

15.09 -14.05.  kl 08:00-15:45

15.05 -14.09.  kl 08:00 -15:00

Oversikt over kontordagar PDF document ODT document

Sjekk også barnevernet.no

Kontaktinformasjon Balestrand kommune

Balestrand kommune
Kong Beles veg 20
6899 Balestrand
57 65 12 00
E-post

Opningstider: 09 - 15

Einingar og tilsette

Web levert av CustomPublish AS