Bilete frå måneskinnstur i Saurdal
Eit flott bål lyste opp vegen inn til utsikten saman med månen.
Klokka 19 møttest 11 som ynskte å delta på Balestrand og Høyanger turlag sin måneskinnstur i Saurdal 16. februar 2011.
Turleiar Jørgen Hundseth hadde, som vanleg, forberedt alt glimrande. Nykøyrde skispor og ferdig bål med varm kaffi og tevatn ved utsikten venta oss.
Litt vind gjorde at me kom raskt i gang og satte kursen mot utsikten direkte.
På vegen inn fekk me eit fantastisk syn mot Vangsnes og Leikanger der lysa fekk ein spesiell glød i det disige véret.
Månen greidde akkurat å lyse opp sporet slik at hovudlyktene ikkje trengte skruast på.
Takk til Jørgen Hundseth og BHTurlag som arrangerte turen.
Bileta frå turen:








