Bilde fra Balestrand
English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten: 

Brannvern og tilsyn

Generelt om tjenesten

Beskrivelse

Den som eig eit byggverk skal sørgje for nødvendige sikringstiltak for å førebyggje og avgrense brann, eksplosjon eller annan ulukke. I tillegg til eigaren har òg brukarane plikt til å sørgje for å halde bygningstekniske konstruksjonar og ulike tryggleiksinnretningar i forsvarleg stand. Kommunen identifiserer og fører tilsyn med såkalla særskilte brannobjekt. Dette er byggverk der brann kan føre til tap av mange liv eller store skadar på helse, miljø eller materielle verdiar. Det blir òg stilt ein del bestemte organisatoriske krav til drifta av særskilte brannobjekt. Tilsynsfrekvensen er:

  • bygningar og område der brann kan føre til tap av mange liv – minst éin gong kvart år
  • bygningar, anlegg og liknande som representerer ein særleg brannfare eller der brann kan føre til store samfunnsmessige konsekvensar – minst éin gong kvart år
  • viktige kulturhistoriske bygningar og anlegg – minst éin gong kvart fjerde år

Kommunen seier oftast ifrå om tilsynet på førehand, men kan òg gjennomføre tilsynet utan førehandsvarsel. Brannvesenet vurderer da alle forhold som har noko å seie for branntryggleiken, både tekniske og organisatoriske tiltak. Dersom ein meiner at tiltaka ikkje er tilstrekkjelege, kan brannvesenet gje pålegg om retting/utbetring eller nytte andre reaksjonsmiddel.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Det finst rettleiingsmateriale om korleis krava til branntrygging skal gjennomførast. Sjå lenkja under.

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
aaa

Serviceerklæring

___

Praktisk informasjon

Saksbehandling

Kommunen utarbeider ein rapport etter at tilsynet er utført. Rapporten nemner kva for avvik frå krava til brannsikring som er funne, og kva slags nye sikringstiltak det er behov for. Rapporten sendast med ein gong til eigaren eller verksemda/brukaren, som skal gje ei tilbakemelding innan ein oppgjeven frist. Tilbakemeldinga skal gje svar på når og korleis avvika vil bli retta opp.

Blir det ikkje gjeve tilfredsstillande tilbakemelding på tilsynsrapporten innan fristen, skal kommunen gje dei pålegga som er nødvendige. Saksbehandlingsreglane i forvaltningslova om varsling med meir skal følgjast.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtak om pålegg, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klageinstansen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap er klageinstans for vedtak som er gjort av kommunestyret. For alle andre vedtak som er gjort av kommunen, er kommunestyret eller klagenemnda i kommunen klageinstans.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:
Servicekontoret
Telefon:
57 65 12 00
Epost:
postmottak@balestrand.kommune.no
Postadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND
Besøksadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND

Andre opplysninger

Oppdatert:
2011-11-11 10:55
Gyldig fra
2010-08-19
Gyldig til
2012-08-20

Tenesteomtalar for Balestrand kommune

Tenesteomtalane til Balestrand kommune

Kva er tenesteomtalar?

Tenesteomtalar er forståelege og utfyllande omtalar av kommunen side tenester og kva dei eigentleg inneheld.

 

Dei skal vere synlige for brukarar(innbyggjarane) slik at dei veit kva dei kan forventa av kommunen.

 

Dei er også eit verktøy for kommunen sine servicetilsette og for sakshandsamarane.

 

Ei rettleiing for både innbyggjarar og tilsette i kommunen.

Korleis finn eg desse?

Venstremenyen hjelper deg å finne fram

 

Emnene er delt i tre nivå som skal hjelpe deg dit du ynskjer

 

Når du har komme til nederste nivå finn du tenesteomtalen

 

Tenesteomtalar som er beslekta vil du finne på høgre sida, Har kan også einingar, kontaktinformasjon og statleg informasjon vere alt etter kva side du er på. Klikk på biletet i toppen for å komme til startsida att. Tenestene finn du i menyen "Alle tenester" på framsida eller du kan søke på tenester i søkeboksen vår.

Tenesteomtalar

Web levert av CustomPublish AS