Bilde fra Balestrand
English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten: 

Bustad - oppføring av ny bustad

Generelt om tjenesten

Beskrivelse

Skal du føre opp ny bustad på eiga tomt, må du søkje kommunen om løyve. Det betyr at tiltaket ikkje kan setjast i gang før du har fått løyvet. Søknaden må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess (ansvarlig søker). Det kan for eksempel vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt. Før igangsetting må nødvendig prosjektering vere gjennomført. Alle handverkarane (firmaa) må ha godkjend ansvarsrett for sine fagområde.

I særlege tilfelle kan kommunen etter søknad gje deg personleg ansvarsrett. Det betyr at du gjennomfører tiltaket sjølv (er sjølvbyggjar).  For å vere sjølvbyggjar må du godtgjere at du er i stand til å utføre det arbeidet du har søkt om å få gjere sjølv (Sjå sjølvbyggjar).

Målgruppe

Tomteeigarar

Kriterier/vilkår

For å kunne setje i gang tiltaket må søknaden, og eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra, vere godkjend av kommunen. Desse kriteria må vere oppfylde:

  • Nabovarsling må vere gjort
  • Bustaden må oppfylle alle krava til tiltaket i plan- og bygningslova, slik som avstand til nabo, visuell utforming og tekniske krav
  • Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa

Serviceerklæring

___

Regelverk

Sjå spesielt i plan- og bygningslova § 20-1 (Tiltak som krev søknad og løyve), kap. 21 (Krav til innhald og behandling av søknader) og kap. 29 (Krav til tiltaket).
 

Lover

Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven)

Forskrifter

Forskrift om byggesak
___

Praktisk informasjon

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Du må ta kontakt med eit firma som kan stå ansvarleg for heile søknadsprosessen. Firmaet vil vere ansvarleg søkjar og sender søknaden på dine vegner. Det vil fungere som eit bindeledd mellom deg som tiltakshavar (byggherre), kommunen og andre ansvarlege som skal hjelpe med å gjennomføre tiltaket.
 

Skjema

Søknad om tillatelse til tiltak

Søknaden sendes til

Balestrand kommune
Kong Beles veg 20

6899 Balestrand

Saksbehandling

Dersom søknaden er fullstendig og tiltaket ikkje er i strid med reglar og planar (se feltet Kriterium/vilkår), skal kommunen gje løyve innan ein bestemd frist (sjå under). Søkjaren og dei som eventuelt har hatt merknader, får eit skriftleg vedtak. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du blir misnøgd med vedtaket.

Saksbehandlingstid

Ein søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbegynte veke tidsfristen overskridast.

Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar/gjenbuarar og fråsegner frå annan myndigheit ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen har gått ut, reknast løyve for gjeve, forutsett at det du søkjer om, ikkje er i strid med gjeldande reglar og planar.

Kommunen kan forlenge desse fristane dersom saka er særleg komplisert, krev ekstra politisk avklaring eller løyve/samtykke frå andre myndigheiter. Dersom fristen blir lengre, så skal søkjaren få melding om det så fort det blir klart at fristen ikkje vil bli halde.
 

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Du veljer sjølv om du vil at ansvarleg søkjar (eller til dømes ein advokat) skal fremje klagen for deg. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:
Servicekontoret
Telefon:
57 65 12 00
Epost:
postmottak@balestrand.kommune.no
Postadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND
Besøksadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND

Andre opplysninger

Oppdatert:
2012-03-15 11:05
Gyldig fra
2010-09-09
Gyldig til
2012-08-15

Tenesteomtalar for Balestrand kommune

Tenesteomtalane til Balestrand kommune

Kva er tenesteomtalar?

Tenesteomtalar er forståelege og utfyllande omtalar av kommunen side tenester og kva dei eigentleg inneheld.

 

Dei skal vere synlige for brukarar(innbyggjarane) slik at dei veit kva dei kan forventa av kommunen.

 

Dei er også eit verktøy for kommunen sine servicetilsette og for sakshandsamarane.

 

Ei rettleiing for både innbyggjarar og tilsette i kommunen.

Korleis finn eg desse?

Venstremenyen hjelper deg å finne fram

 

Emnene er delt i tre nivå som skal hjelpe deg dit du ynskjer

 

Når du har komme til nederste nivå finn du tenesteomtalen

 

Tenesteomtalar som er beslekta vil du finne på høgre sida, Har kan også einingar, kontaktinformasjon og statleg informasjon vere alt etter kva side du er på. Klikk på biletet i toppen for å komme til startsida att. Tenestene finn du i menyen "Alle tenester" på framsida eller du kan søke på tenester i søkeboksen vår.

Web levert av CustomPublish AS