Bygdeutviklingsmidlar
Generelt om tjenesten
Beskrivelse
Du kan søkje om bygdeutviklingsmidlar til
- etablerarstipend (oppstart av tilleggsnæring)
- bedriftsutvikling (vidareutvikling av tilleggsnæring)
- investeringar (m.a. opprusting og nyinvestering i driftsbygningar og bygningar for tilleggsnæring)
- generasjonsskifte (nødvendige tiltak i driftsbygningar osb. i samband med generasjonsskifte)
- praktikantordningar
Bygdeutviklingsmidlar, som blir sett av i jordbruksavtalen, skal leggje til rette for verdiskaping i jordbruket, desentralisert busetjing og like vilkår for kvinner og menn.
Målgruppe
Landbruksføretak og føretak som driv næringsutvikling med utgangspunkt i ressursane i landbruket.
Kriterier/vilkår
Søknaden blir vurdert ut frå dei fylkesvise retningslinene som er utarbeidde av Innovasjon Noreg.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
aaa
Praktisk informasjon
Vedlegg
Prosjektplan/forretningsplan
Søknaden sendes til
Balestrand kommune
Kong Beles veg 20
6899 Balestrand
Saksbehandling
Kommunen tek imot søknaden, vurderer han og sender han vidare til distriktskontoret til Innovasjon Noreg, som avgjer søknaden.
Saksbehandlingstid
Innan ein månad etter at Innovasjon Noreg har motteke søknaden, skal søkjaren få eit mellombels svar der det går fram kven som er saksbehandlar, og kor lang saksbehandlingstid ein må rekne med.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til distriktskontoret til Innovasjon Noreg innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom Innovasjon Noreg lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i Innovasjon Noreg, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
___ Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Avdeling:
- Servicekontoret
- Telefon:
- 57 65 12 00
- Epost:
- postmottak@balestrand.kommune.no
- Postadresse:
- Kong Beles veg 20
6899 BALESTRAND
- Besøksadresse:
- Kong Beles veg 20
6899 BALESTRAND
Andre opplysninger
- Oppdatert:
- 2011-08-10 11:21
- Gyldig fra
- 2010-08-19
- Gyldig til
- 2012-08-15