ArtOldId894

Club Bele


Gudvin spelar (ilustrasjonsfoto)
Foto: Lars Jonas Pedersen (balejazz.no)

 

Det første arrangementet som går av staben allereie 01.02.2008 er for den nystarta klubben ei storsatsing. Då vert Balestrand ein av fem arrangementstader i "Den musikalske stamvegen" organisert av Vestnorsk Jazzforum. Denne kvelden vert det dobbelt konsert med Dog Day og The Core.

For resten av året vil arrangementa variert innhald og vere ei blanding av høgkost- og lågkostarrangement. Club Bele planlegg å gjennomføre 3 arrangement våren 2008 og 3-4 arrangement hausten 2008.

Club Bele er ein medlemseigd organisasjon med tilhaldsstad i Balestrand og med føremål å fremje kulturlivet i bygda gjennom Jazz og andre musikk og kulturuttrykk. Ved å klikke på ikonet under kan du lese søknaden, meir om Club Bele og planlagde arrangement..


Tips ein ven Skriv ut