Bilde fra Balestrand
English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten: 

Dagmamma - godkjenning

Generelt om tjenesten

Beskrivelse

Dersom du ønskjer å vere dagmamma for tre born eller fleire og kvar veke tilby opphaldstid på ti timar eller meir regelmessig, må du ha godkjenning av kommunen.

Verksemda skal ta omsyn til helsa og trivselen til borna. Det blir mellom anna stilt krav til

  • utforminga og innretninga av lokala 
  • moglegheiter for aktivitet og kvile 
  • reingjering og vedlikehald 
  • inneklima

Målgruppe

Personar som ønskjer å starte dagmammaverksemd

Kriterier/vilkår

  • Det skal vere tre eller fleire born (inkludert eventuelle eigne born) 
  • Opphaldstida er ti timar eller meir i veka
  • Verksemda er regelmessig
  • Det blir tatt betalt for tilsynet

 

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Faktahefte om barn og sikkerhet

Partnere

Foreldre som ønskjer dagmamma for sitt barn, har nytte av å vite om ei aktuell dagmamma er godkjend av kommunen og eventuelt vere pådrivar for å framskaffe ei slik godkjenning.

aaa

Serviceerklæring

___

Praktisk informasjon

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Ta kontakt med kommunen for å få meir informasjon om korleis du skal søkje om godkjenning. Søknaden bør innehalde ei kort utgreiing for korleis verksemda vil etterleve dei ulike føresegnene i forskrifta.

Søknaden sendes til

Balestrand kommune
Kong Beles veg 20

6899 Balestrand

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.

Klagemulighet

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Klaga sendar du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:
Servicekontoret
Telefon:
57 65 12 00
Epost:
postmottak@balestrand.kommune.no
Postadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND
Besøksadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND

Andre opplysninger

Oppdatert:
2011-11-11 10:55
Gyldig fra
2010-10-27
Gyldig til
2012-08-20

Tenesteomtalar for Balestrand kommune

Tenesteomtalane til Balestrand kommune

Kva er tenesteomtalar?

Tenesteomtalar er forståelege og utfyllande omtalar av kommunen side tenester og kva dei eigentleg inneheld.

 

Dei skal vere synlige for brukarar(innbyggjarane) slik at dei veit kva dei kan forventa av kommunen.

 

Dei er også eit verktøy for kommunen sine servicetilsette og for sakshandsamarane.

 

Ei rettleiing for både innbyggjarar og tilsette i kommunen.

Korleis finn eg desse?

Venstremenyen hjelper deg å finne fram

 

Emnene er delt i tre nivå som skal hjelpe deg dit du ynskjer

 

Når du har komme til nederste nivå finn du tenesteomtalen

 

Tenesteomtalar som er beslekta vil du finne på høgre sida, Har kan også einingar, kontaktinformasjon og statleg informasjon vere alt etter kva side du er på. Klikk på biletet i toppen for å komme til startsida att. Tenestene finn du i menyen "Alle tenester" på framsida eller du kan søke på tenester i søkeboksen vår.

Web levert av CustomPublish AS