Det er mogleg å gifte seg borgarleg på Balestrand rådhus frå 01.01.2018

Frå 1. januar 2018 har kommunane ansvaret for borgarlege vigslar. I kommunestyremøtet 14. desember blei det gjort følgjande vedtak i sak 78/17:

 

Vedtak:

1. Mynde til å gjennomføre borgarlege vigslar ligg etter lova til ordførar Harald N. Offerdal og varaordførar Frode Bøthun. I tillegg vert mynde delegert til rådmann Kjellaug Brekkhus.

2. Tilbodet om borgarleg vigsel vert gjeve gratis i kommunen si kontortid. Kommunestyresalen er vigselslokale.

3. Brudepar som ønskjer vigsel utanfor kontortid og/eller utanfor rådhuset må betale meirkostnader knytt til dette.

 

Kontakt kommunen på postmottak@balestrand.kommune.no for meir info.

 

Tips ein ven Skriv ut