Bilde fra Balestrand
English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten: 

Familievernkontor

Generelt om tjenesten

Beskrivelse

Familievernkontoret gir deg eller dykk tilbod om behandling og rådgjeving når det er vanskar eller kriser i familien. Du kan ta direkte kontakt med eit familievernkontor, og alle dei tilsette har teieplikt. Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema. Familievernkontoret utfører obligatorisk mekling 

  • ved samlivsbrot for ektepar eller sambuarar med barn under 16 år
  • når foreldre som ikkje bur saman, ønskjer rettssak om foreldreansvar, bustaden til barnet/borna eller samvær

Det er familievernkontor i alle fylka. Dei er anten statlege eller kyrkjelege, men det same lovverket gjeld for alle, og det er Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet som godkjenner dei.

Pris for tjenesten

Tilbodet er gratis.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Partnere

Familievernkontoret samarbeider med helsestasjonane i sitt distrikt, særleg om fødselsførebuande kurs og kurset for nybakte foreldre, "Godt samliv". Der det er aktuelt og når familien sjølv gjev samtykke til det, samarbeider familievernkontoret med det kommunale barnevernet for å finne gode tiltak for heile familien. Familievernkontoret samarbeider òg med skolar, sosialkontor, frivillige organisasjonar, kyrkjelydar og liknande.

aaa

Serviceerklæring

___

Praktisk informasjon

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:
Servicekontoret
Telefon:
57 65 12 00
Epost:
postmottak@balestrand.kommune.no
Postadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND
Besøksadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND

Andre opplysninger

Oppdatert:
2011-11-11 10:55
Gyldig fra
2010-10-07
Gyldig til
2012-08-20

Tenesteomtalar for Balestrand kommune

Tenesteomtalane til Balestrand kommune

Kva er tenesteomtalar?

Tenesteomtalar er forståelege og utfyllande omtalar av kommunen side tenester og kva dei eigentleg inneheld.

 

Dei skal vere synlige for brukarar(innbyggjarane) slik at dei veit kva dei kan forventa av kommunen.

 

Dei er også eit verktøy for kommunen sine servicetilsette og for sakshandsamarane.

 

Ei rettleiing for både innbyggjarar og tilsette i kommunen.

Korleis finn eg desse?

Venstremenyen hjelper deg å finne fram

 

Emnene er delt i tre nivå som skal hjelpe deg dit du ynskjer

 

Når du har komme til nederste nivå finn du tenesteomtalen

 

Tenesteomtalar som er beslekta vil du finne på høgre sida, Har kan også einingar, kontaktinformasjon og statleg informasjon vere alt etter kva side du er på. Klikk på biletet i toppen for å komme til startsida att. Tenestene finn du i menyen "Alle tenester" på framsida eller du kan søke på tenester i søkeboksen vår.

Relaterte nyhende

Web levert av CustomPublish AS