Fellingsløyve
Generelt om tjenesten
Beskrivelse
Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren. Fellingsløyve for elg, hjort, rådyr og villrein blir tildelt godkjente vald (det geografiske området der jakta skal vere) utan årleg søknad. For småvilt - med atterhald for bever - blir det ikkje kravt fellingsløyve.
Dåhjort kan jaktast på i heile landet uavhengig av minsteareal, kvote eller godkjent vald.
Grunneigarar kan utarbeide ein fleirårig, maksimalt femårig, bestandsplan for eit vald eller eit bestandsområde som er godkjend for jakt på elg og/eller hjort, og som disponerer eit areal på minimum 20 gonger minstearealet. Kommunen skal godkjenne planen og gjev i så fall eit samla fellingsløyve for heile planperioden. For villrein er det villreinnemnda som godkjenner bestandsplanen. Godkjende villreinvald får fellingsløyve for kvart jaktår.
Målgruppe
Grunneigarar/jaktrettshavarar
Kriterier/vilkår
Det må liggje føre ei godkjenning av vald for elg, hjort, rådyr eller villrein for å få fellingsløyve. Kommunen/villreinnemnda fastset minstearealet som er det arealet som grunneigaren må disponere for å få fellingsløyve for eitt dyr.
Pris for tjenesten
Det er ikkje fellingsavgift for rådyr. Kommunen fastset fellingsavgift for elg og hjort, og Direktoratet for naturforvaltning fastset fellingsavgift for villrein.
aaa
Praktisk informasjon
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Godkjente vald treng ikkje å søkje om fellingsløyve. Kommunen (eller villreinnemnda) skriv ut eit årleg fellingsløyve og sender det til den valdansvarlege representanten. Finst det ein godkjend bestandsplan, blir alle fellingsløyva skrivne ut første året for heile bestandsplanperioden. Dette gjeld ikkje for villrein, der fellingsløyvet i alle høve blir skrive ut for kvart jaktår.
Søknaden sendes til
Balestrand kommune
Kong Beles veg 20
6899 Balestrand
Klagemulighet
Du kan klage på talet på dyr du har fått fellingsløyve for (og det teljande arealet som ligg til grunn for dette) innan ein frist på tre veker frå du mottok løyvet. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen/villreinnemnda vil kunne gje deg rettleiing.
Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak kommunen har gjort, og Direktoratet for naturforvaltning for vedtak som villreinnemnda har gjort. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom du ikkje får fullt medhald, vil saka gå vidare til klageinstansen.
___ Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Avdeling:
- Servicekontoret
- Telefon:
- 57 65 12 00
- Epost:
- postmottak@balestrand.kommune.no
- Postadresse:
- Kong Beles veg 20
6899 BALESTRAND
- Besøksadresse:
- Kong Beles veg 20
6899 BALESTRAND
Andre opplysninger
- Oppdatert:
- 2011-11-11 10:55
- Gyldig fra
- 2010-10-07
- Gyldig til
- 2012-08-20