Førehandsrøysting innan stortingsvalet 2017

Valdagen er måndag 11. september.

Førehandsrøysting

Dersom du ikkje har moglegheit å røyste på valdagen, vil det f.o.m. 10. august t.o.m. 8. september vere mogleg å førehandsrøyste føgjande stader:

Balestrand rådhus måndag-fredag f.o.m. 10.08.17  t.o.m.  08.09.17   kl.  0900 – 1500

                                                                             Torsdag  07.09.17    kl. 1800 – 2000

                                                                              Laurdag  02.09.17   kl. 1000 – 1400

Det vil i tillegg bli høve til å førehandsrøyste desse stadene:

Balestrand helsetun                                              Onsdag   06.09.17    kl.  1100 – 1300

Sygna vidaregåande skule                                    Tysdag    05.09.17    kl.  1100 – 1300

Tidlegrøysting

Dersom du ikkje har moglegheit til å stemme innanfor den ordinære perioden for førehandsrøysting frå 10. august, og heller ikkje på valdagen 11. september, kan du frå 1. juli t.o.m. 9. august vende deg til kommunen og avtale tid for å tidlegrøyste. Du treng ikkje valkort, men ta med legitimasjon. Tidlegrøysting vil foregå på rådhuset, hovudsakeleg innan ordinær opningstid kl. 0900 - 1500.

Ambulerande røysting

Dersom du grunna sjukdom eller uføre har problem med å kome deg til vallokalet, har du høve til å stemme heime. Du må søkja valstyret dersom du vil førehandsrøyste i heimen. Kontakt i så fall Balestrand kommune enten på telefon 57651200, e-post postmottak@balestrand.kommune.no eller via post - Valstyret i Balestrand kommune, Kong Beles veg 20, 6899 Balestrand.

Søknaden må vere kome til valstyret innan den 06.09.17 kl. 15.00. Søknadane blir behandla unnateke offentleg innsyn.

 

Sjå elles www.valg.no for meir informasjon om valet.

 

Tips ein ven Skriv ut