Bilde fra Balestrand
English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten: 

Førarkort - dispensasjon frå helsekrav

Generelt om tjenesten

Beskrivelse

Dersom du ikkje oppfyller dei helsekrava som blir stilte for å ha førarkort, vil du som hovudregel bli fråtatt førarkortet. Du kan likevel søkje om å få dispensasjon frå helsekrava. Det gjeld òg dersom du skal skaffe deg førarkort for første gong eller utvide det til tyngre klasser. Dispensasjon vil kunne innebere nokre avgrensingar, til dømes at du berre kan føre visse typar køyretøy, at køyretøyet skal ha spesialutstyr eller at førarkortet gjeld for ein avgrensa periode. Det blir som regel gjeve vilkår som skal oppfyllast, til dømes at du skal bruke spesielle medisinar eller ha jamlege kontrollar hos lege. Du må akseptere og signere desse vilkåra.

Kriterier/vilkår

Det blir ikkje stilt konkrete vilkår for når ein kan gje dispensasjon. Ein må vere sikker på at søkjaren på tross av tilstanden kan køyre sikkert. Fylkesmannen skal vurdere om trafikktryggingsrisikoen opp mot behovet for førarkort.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Helsekrav til førerkort - en publikumsveiledning
aaa

Serviceerklæring

___

Regelverk

Sjå vegtrafikklova §§ 21 og 24 og forskrift om førerkort m.m. §§ 4-3 og 14-3

Lover

Lov om vegtrafikk (vegtrafikkloven) kap. IV rer av kjøretøy m.m.

Forskrifter

Forskrift om førerkort m.m.
___

Praktisk informasjon

Søknaden sendes til

Fylkesmannen behandler søknader om dispensasjon frå helsekrava i førarkortforskriften.

Balestrand kommune
Kong Beles veg 20

6899 Balestrand

Saksbehandling

Fylkesmannen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til Fylkesmannen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Fylkesmannen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Fylkesmannen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til Fylkesmannen. Dersom Fylkesmannen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Sosial- og helsedirektoratet, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:
Servicekontoret
Telefon:
57 65 12 00
Epost:
postmottak@balestrand.kommune.no
Postadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND
Besøksadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND

Andre opplysninger

Oppdatert:
2011-11-11 10:55
Gyldig fra
2010-10-07
Gyldig til
2012-08-20

Tenesteomtalar for Balestrand kommune

Tenesteomtalane til Balestrand kommune

Kva er tenesteomtalar?

Tenesteomtalar er forståelege og utfyllande omtalar av kommunen side tenester og kva dei eigentleg inneheld.

 

Dei skal vere synlige for brukarar(innbyggjarane) slik at dei veit kva dei kan forventa av kommunen.

 

Dei er også eit verktøy for kommunen sine servicetilsette og for sakshandsamarane.

 

Ei rettleiing for både innbyggjarar og tilsette i kommunen.

Korleis finn eg desse?

Venstremenyen hjelper deg å finne fram

 

Emnene er delt i tre nivå som skal hjelpe deg dit du ynskjer

 

Når du har komme til nederste nivå finn du tenesteomtalen

 

Tenesteomtalar som er beslekta vil du finne på høgre sida, Har kan også einingar, kontaktinformasjon og statleg informasjon vere alt etter kva side du er på. Klikk på biletet i toppen for å komme til startsida att. Tenestene finn du i menyen "Alle tenester" på framsida eller du kan søke på tenester i søkeboksen vår.

Web levert av CustomPublish AS