Bilde fra Balestrand
English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten: 

Freda bygningar og anlegg - løyve til inngrep

Generelt om tjenesten

Beskrivelse

Ordinært vedlikehald på freda bygning eller anlegg kan skje utan spesielt løyve frå kulturminnestyresmaktene med mindre fredingsføresegnene til eigedommen seier noko anna. Er du usikker på kva som blir rekna som ordinært vedlikehald, kan du kontakte styresmaktene. Tiltak som er meir omfattande enn ordinært vedlikehald, krev dispensasjon frå kulturminnelova dersom det ikkje er sagt noko anna i fredingsføresegnene. Alle middelalderbygningar og ståande byggverk eldre enn 1650 er automatisk freda. I tillegg er om lag 4500 bygningar freda av Riksantikvaren. Ca. 60 % av desse er i privat eige. Når det gjeld kostnader til å setje i stand og halde ved like eigedommen, er dette utgifter som i utgangspunktet eigaren må bere sjølv, anten eigedommen er freda eller ikkje. For vedlikehald av freda bygning kan det likevel gjevast tilskott.

Målgruppe

Eigarar og brukarar/forvaltarar av freda bygningar og anlegg som vil setje i gang tiltak som går ut over vanleg vedlikehald.

Kriterier/vilkår

Dispensasjon kan bare bli gjeven til tiltak som ikkje går ut over føremålet med fredinga, og som ikkje fører med seg vesentlege inngrep i det freda bygget eller det freda anlegget. Døme på tiltak som kan krevje dispensasjon, er skifting av kledning, vindauge eller tak.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Riksantikvaren
aaa

Serviceerklæring

___

Praktisk informasjon

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen vil kunne hjelpe til med råd når det gjeld utforming av tiltaket, metodar og materialval.

Vedlegg

Forklaring av planen/tiltaket med tekst og kart/teikning

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Kontakt fylkeskommunen når det gjeld søknadsfrist om økonomisk kompensasjon.

Søknaden sendes til

Kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen.

Balestrand kommune
Kong Beles veg 20

6899 Balestrand

Saksbehandling

Fylkeskommunen gjennomfører synfaringar/registreringar dersom dette er nødvendig. Fylkeskommunen gjer sitt vedtak, og gjev løyve eller avslag. I vedtaket kan det bli sett vilkår som gjer arbeidet dyrare, knytta til til dømes materialbruk og metodar. Dersom det blir sett vilkår som gjer arbeidet dyrare, har du krav på økonomisk kompensasjon, heilt eller delvis. Du kan søkje om støtte til dette.

Saksbehandlingstid

Fylkeskommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til fylkeskommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom fylkeskommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Riksantikvaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:
Servicekontoret
Telefon:
57 65 12 00
Epost:
postmottak@balestrand.kommune.no
Postadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND
Besøksadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND

Andre opplysninger

Oppdatert:
2011-11-11 10:55
Gyldig fra
2010-11-12
Gyldig til
2012-08-20

Tenesteomtalar for Balestrand kommune

Tenesteomtalane til Balestrand kommune

Kva er tenesteomtalar?

Tenesteomtalar er forståelege og utfyllande omtalar av kommunen side tenester og kva dei eigentleg inneheld.

 

Dei skal vere synlige for brukarar(innbyggjarane) slik at dei veit kva dei kan forventa av kommunen.

 

Dei er også eit verktøy for kommunen sine servicetilsette og for sakshandsamarane.

 

Ei rettleiing for både innbyggjarar og tilsette i kommunen.

Korleis finn eg desse?

Venstremenyen hjelper deg å finne fram

 

Emnene er delt i tre nivå som skal hjelpe deg dit du ynskjer

 

Når du har komme til nederste nivå finn du tenesteomtalen

 

Tenesteomtalar som er beslekta vil du finne på høgre sida, Har kan også einingar, kontaktinformasjon og statleg informasjon vere alt etter kva side du er på. Klikk på biletet i toppen for å komme til startsida att. Tenestene finn du i menyen "Alle tenester" på framsida eller du kan søke på tenester i søkeboksen vår.

Web levert av CustomPublish AS