Helsetenestetilbod til flyktningar og asylsøkjarar
Generelt om tjenesten
Beskrivelse
Asylsøkjarar, flyktningar og familiesameinte som bur eller mellombels har tilhald i kommunen, har rett til nødvendige helse- og omsorgstenester på same måten som alle andre.
Målgruppe
Spesiell merksemd og oppfølging skal gjevast til asylsøkjarar, flyktningar og familiesameinte frå område der det er høg risiko for bestemte infeksjonssjukdommar eller til dømes
- har vore utsette for tortur og andre alvorlege traume
- ikkje har familie/nettverk
- er mindreårige og kjem aleine til Noreg
- er gravide
- er einslege forsørgjarar
- har vore utsette for valdtekt eller annan seksualisert vald
- er kjønnslemlesta eller står i fare for å bli det
- har (teikn på) psykiske problem
Kriterier/vilkår
For personar under 18 år er det ikkje eit vilkår at personen har lovleg opphald. For personar over 18 år som har ulovleg opphald, gjev lova berre rett til akutt helsehjelp.
Pris for tjenesten
Tenestene er gratis, med mindre det følgjer av lov eller forskrift at ein skal betale eit vederlag.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
aaa
Praktisk informasjon
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Kommunen vil sjølv sørgje for at flyktningar, asylsøkjarar og familiesameinte får tilbod om helse- og omsorgstenester i primær- og spesialisthelsetenesta.
Klagemulighet
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.
___ Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Avdeling:
- Servicekontoret
- Telefon:
- 57 65 12 00
- Epost:
- postmottak@balestrand.kommune.no
- Postadresse:
- Kong Beles veg 20
6899 BALESTRAND
- Besøksadresse:
- Kong Beles veg 20
6899 BALESTRAND
Andre opplysninger
- Oppdatert:
- 2012-02-01 12:28
- Gyldig fra
- 2010-09-28
- Gyldig til
- 2012-08-15