HJORTEN SVELT
Oppmoding til felling av skog
Vi har fått inn rapport på at det er ein del utmagra hjort. Det har vore ei aktiv avskyting dei siste åra, men kombinasjonen mykje snø og liten skogaktivitet gjer at det vert krevjande å streife og liten tilgang på naturleg beite.
Vi oppfordrar no snarast til at grunneigarar/valdansvarlege startar motorsaga og fell større tre av osp, rogn, selje, ask og furu. Størst effekt har dette i hjorten sine naturlege vinterbeiteområder
Søknader om tilskot til konkrete tiltak, til eks viltåkrar kan vurderast.
Viser og til strategiplanen for hjorteforvaltninga i Balestrand, som har felling av trær som eit av tiltaka for å oppretthalde ein bærekraftig hjortestamme
Ein rår til at ein ikkje nyttar jordbruksprodukter.

