Kommunedelplan for Esefjorden - vedtak av plan

 

Kommunestyret i Balestrand kommune handsama sak om Kommunedelplan for Esefjorden – vedtak av plan i sak 39/17 og gjorde då følgjande vedtak:

 

 

Vedtak

Balestrand kommune vedtek med heimel i Plan og bygningslova §11-15  Kommunedelplan for Esefjorden i samsvar med vedlagde plandokument 26.10.16. Planen vert vedteke med Planalternativ 1, brualternativet, bru frå Storasva til Gjerdsviki. Følgjande endringar vert teke inn i planen:

 

Omsynssone Ras- og skredfare

Der det ikkje er utført særskild faresonekartlegging vert «potensielle fareområde for skred for bebyggelse» lagt inn på plankart som omsynssone H310-4 i samsvar med NGU sine aktsemdskart på skrednett.no. Det vert vidare sett krav i føresegn §4-4

 

«For omsynssone H310-4 må detaljert faresonekartlegging vere gjennomført, og området må vere klarert som tilstrekkeleg trygt før ev. utbygging kan finne stad».

 

Omynssone for freda eigedom gbnr. 10/81 Heimdalsstrand

Det vert teke inn på plankartet at heile eigedom gbnr. 10/81 Heimdalsstrand med sjøareal i vert merka med omsynssone H730 - bandlagt etter lov om kulturminne i samsvar med fredingsvedtaket. Det vert vidare teke inn følgjande ny føresegn §4:

 

«Innanfor omsynssone H730 for heile eigedom gbnr. 10/81 Heimdalsstrand med sjøareal gjeld til ein kvar tid gjeldande fredingsbestemmingar etter Kulturminnelova».

 

               Snu og parkeringsareal – Ese og Esebotn

Det vert teke inn i føresegnene §3 nytt punkt:

 

«Det vert opna for tilrettelegging av snuareal for større kjøretøy i Indre Ese og i Esebotn. Begge stader skal snuarealet skal samordnast med parkeringsareal for turstiar og tilkomstvegar til eigedomar som naturleg kan knytast til og kan få utbetra sin tilkomst».

 

Utkikkspunkt på brua

Det vert teke inn i føresegnene pkt. 6. Retningsliner for framtidig regulering, under avsnitt Landskapsbilete , utforming og estetikk følgjande nytt punkt:

 

«Det skal utarbeidast forslag til utkikkspunkt på brua i samband med gang og sykkelvegen over brua. Utkikkspunktet skal bli gjeve eit kunstnarisk og arkitektonisk utrykk som passar inn i høve konseptet med Nasjonale turistvegar»

 

 

 Plandokumenta vert retta opp i samsvar med vedtaket.

 

                                                                                                       Samrøystes.

 

 

 

 

Etter plan og bygningslova §11-5 kan ikkje kommunestyrets vedtak av kommuneplan påklagast. Vedtaket er ut i frå dette endeleg.

 

Det vert vist til vedlagde plandokument, saksprotokoll og saksframlegg. Plandokumenta er  tilgjengelege for lesing og nedlasting i elektronisk format (pdf-format) her:

 

1.   Planomtale

2.   Føresegner

3.   Plankart 1 og  plankart 2 (omsynssoner for skredfare)

4.   Protokoll frå kommunestyresak 39/17

5.   Saksframlegg til kommunestyresak 39/17

Tips ein ven Skriv ut