Bilde fra Balestrand
English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten: 

Kulturprisen 2011

Kulturprisen for 2011 vart delt ut i kommunestyremøte 26. april.
Talen frå ordføraren kan du lese nedafor.
P1000276
P1000277


 

ORDFØRAREN SIN TALE VED UTDELINGA AV KULTURPRISEN FOR 2011

Kulturprisen for 2011 blir tildelt Ragnar Myrland for det arbeidet han har lagt ned i Balestrand folkeakademi. Balestrand folkeakademi har i nærmare 30 år vore synonymt med Ragnar Myrland. Han har gjennom folkeakademiet synt eit stort engasjement og har med sitt pågangsmot vore ein utrøytteleg formidlar og arrangør av kulturaktivitetar i Balestrand.

Ragnar som er utdanna lærar, kom til Balestrand i 1980. Alt i 1981 blei han med i Balestrand folkeakademi. Han har såleis ei fartstid på om lag 30 år i folkeakademiet – av desse 26 år som leiar.

Balestrand er heldig som har eit oppegåande folkeakademi. Mange kommunar i fylket har ikkje det. Tolv kommunar har etablert folkeakademi, men berre ni er aktive.

Folkeakademiet er ein kultur- og folkeopplysningsorganisasjon. Målet deira er å gi folk i alle aldrar tilgang til meiningsfylte kulturaktivitetar der dei bur.

Ragnar Myrland har gjennom sitt arbeid i Balestrand folkeakademi sytt for å tilføra lokalsamfunnet og folk i alle aldrar meiningsfylte kulturopplevingar og folkeopplysning, anten det no har vore på skulane våre, på helsetunet, i lag og organisasjonar eller gjennom opne arrangement for alle.

Ragnar er fødd i 1930, men er framleis aktiv og står på for folkeakademiet og lokalsamfunnet. Seinast for litt over ei veke sidan møtte eg han på veg til eit arrangement på Helsetunet.

Forslagsstillarane skriv at dei er opptekne av føredragshaldarar og artistar som kan bidra med meiningsfylte program på møta. Program som dei har fått formidla gjennom folkeakademiet og som dei elles ikkje ville ha hatt råd til. Og her peikar dei på ein vesentleg ting – Ragnar har sytt for at Balestrand og lokalsamfunnet har fått ta del i kulturopplevingar som me elles ikkje ville ha fått teke del i.

Ragnar og Balestrand folkeakademi var også pådrivar for å få på plass ein rekonstruksjon av den gamle frontalen frå Tjugum kyrkje. I 1997 kunne frontalen avdukast på veggen i Tjugum kyrkje.

Ragnar har også synt engasjement på andre område, også før han kom til Balestrand. Her i Balestrand har han forutan engasjementet i folkeakademiet, mellom anna vore med i songkoret, bibliotekstyret og har elles synt stor interesse for lokale stadnamn.

Både i folkeakademiet i fylket og på landsplan har Ragnar vor ein god talsmann for folkeakademia i dei små kommunane og han har fremja gode tankar om nye vegar i folkeakademia si kulturformidling.

På landsmøtet i 1996 vart Ragnar heidra for innsatsen sin med Folkeakademienes landsforbund sin heidersdiplom.

Då vil eg på vegne av Balestrand kommune be Ragnar Myrland koma fram og ta imot kulturprisen for 2011.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon Balestrand kommune

Balestrand kommune
Kong Beles veg 20
6899 Balestrand
57 65 12 00
E-post

Opningstider: 09 - 15

Einingar og tilsette

Statleg informasjon

Web levert av CustomPublish AS