Kortreist topptur, Raudmelen, foto jh

Nærings- og samfunnsutviklar

Vil du vere med og utvikle Balestrand?

Balestrand kommune er bygdekommunen midt i Sognefjorden der fjorden er på sitt vidaste. Vi kallar oss «perla ved Sognefjorden». Her finn du alt du treng for å leve eit godt og rikt liv, tett på naturen med spennet mellom fjorden og fjella som det mest spektakulære. Kommunen er eit yrande turistmål om sumaren og ein aktiv kulturkommune året rundt, med eigen kino, galleri og mange aktive kunstnarar. Kommunen har eit variert næringsliv frå industri til turisme, tradisjonelt landbruk og store lokalmatprodusentar. Det bur om lag 1300 menneske i kommunen og  mange av dei er aktivt med i lag og organisasjonar som er viktige samarbeidspartar i å skape ein attraktiv kommune. Frå 01.01.2020 vil Balestrand saman med Leikanger og Sogndal bli ein del av nye Sogndal kommune med omlag 11.000 innbyggjarar. Stillingar i Balestrand kommune vil bli overført til denne nye kommunen.

Ledige stillingar i Balestrand kommune

For å søka på ledige stillingar i Balestrand kommune må du nytta vårt søknadsskjema. Dersom du skal søkje på fleire stillingar, må du sende ein søknad pr. stilling
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad. 

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. 

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør den nye offentleglova §25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.