Legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
Generelt om tjenesten
Beskrivelse
Legemiddelassistert rehabilitering skal hjelpe pasientar som er avhengige av morfin, heroin og liknande (såkalte opiat), til å betre livskvaliteten. Målet er å styrkje evna til å meistre livet og å hindre overdosedødsfall. Sterkt vanedannande legemiddel i ein bestemt dose går inn som eitt av fleire tiltak i rehabiliteringa. Ulike kontrolltiltak skal sikre forsvarleg oppfølging av pasienten og at uvedkommande ikkje får tilgang til legemiddelet.
Spesialisthelsetenesta skal ta initiativ til å utarbeide ein individuell plan for å koordinere dei ulike tiltaka. Dette skal skje i samarbeid med pasienten, den kommunale helse- og omsorgstenesta, allmennlege i primærhelsetenesta, barnevernstenesta og andre aktuelle instansar.
Kriterier/vilkår
Det skal gjerast ein samla vurdering av helsetilstanden til pasienten. Legemiddelassistert rehabilitering skal som hovudregel ikkje vere det første behandlingsalternativet ein vel. Andre tiltak skal konkret vurderast først. Pasienten sin alder og kor lenge vedkommande har vore rusavhengig er viktige moment i vurderinga.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Partnere
- Spesialisthelsetenesta
- Den kommunale helse- og omsorgstenesta
- Nav
- Allmennlege i primærhelsetenesta
- Barnevernstenesta
- Andre aktuelle instansar
aaa
Praktisk informasjon
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Det er lege i spesialisthelsetenesten som avgjer inn- og utskriving av legemiddelassistert rehabilitering etter tilvising frå allmennlege eller sosialtenesta/Nav. Gjennomføring av behandlinga og rekvirering av legemiddel kan overlatast til allmennlege i primærhelsetenesta.
Søknaden sendes til
Balestrand kommune
Kong Beles veg 20
6899 Balestrand
Klagemulighet
Dersom du meiner at du ikkje har fått oppfylt din rett til helsehjelp, kan du etter pasient- og brukarrettlova vende deg til tenesteytaren/institusjonen. Neste trinn er Helsetilsynet i fylket.
___ Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Avdeling:
- Servicekontoret
- Telefon:
- 57 65 12 00
- Epost:
- postmottak@balestrand.kommune.no
- Postadresse:
- Kong Beles veg 20
6899 BALESTRAND
- Besøksadresse:
- Kong Beles veg 20
6899 BALESTRAND
Andre opplysninger
- Oppdatert:
- 2011-11-11 10:55
- Gyldig fra
- 2010-10-07
- Gyldig til
- 2012-08-20