Bilde fra Balestrand
English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten: 

Legionellasmitte - førebyggjande tiltak

Generelt om tjenesten

Beskrivelse

Eig du ei verksemd som kan spreie legionellabakteriar, skal du sende melding til kommunen ved oppstart og ved utvidingar eller endringar, og eventuelt ta mikrobiologiske prøver. Du skal sjå til innretningane regelmessig og leggje opp gode rutinar for drift og vedlikehald.
 

Du sender melding dersom verksemda har

  • kjøletårn
  • luftskrubbar
  • badeanlegg
  • boblebad som er tilgjengeleg for allmenta

Meldeplikta har heimel i lov om folkehelsearbeid § 10.

Du tar mikrobiologiske prøver dersom verksemda har

  • kjøletårn
  • luftskrubbar
  • fuktanlegg
  • innandørs fontene 

så sant du ikkje kan dokumentere at vekst og spreiing av legionellabakteriar ikkje vil skje. 

Dersom det er mistanke om utbrot, skal du ta mikrobiologiske prøver av alle installasjonane som kan vere årsaka til smitten før du går i gang med å reingjere og desinfisere.

Legionellabakteriar finst naturleg i låge konsentrasjonar i overflatevatn og jordsmonn. Det er først når dei får formere seg over lengre tid i lunka vatn i tekniske installasjonar, at dei kan føre til smittefare. VVS-installasjonar som kjøletårn, dusjanlegg og boblebad blir rekna som dei viktigaste kjeldene, men òg andre kjelder (som luftskrubbarar, sprinkleranlegg og fontener) kan overføre bakterien. 

Målgruppe

Eigarar av verksemder eller eigedomar som direkte eller indirekte kan spreie legionella

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa

Serviceerklæring

___

Praktisk informasjon

Søknaden sendes til

Balestrand kommune
Kong Beles veg 20

6899 Balestrand

Saksbehandling

Melding om verksemda inneber ikkje at kommunen gjer eit vedtak. Men dersom meldinga avdekkjer forhold som er i strid med krava til helsesam forsvarleg drift, kan kommunen gje pålegg om konsekvensutgreiing, retting, tvangsmulkt eller stansing av verksemda. Kommunen vil utøve eit fagleg skjønn, og det må vere eit fornuftig forhold mellom nytte og kostnad ved eit pålegg.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:
Servicekontoret
Telefon:
57 65 12 00
Epost:
postmottak@balestrand.kommune.no
Postadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND
Besøksadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND

Andre opplysninger

Oppdatert:
2012-01-30 12:28
Gyldig fra
2010-10-07
Gyldig til
2012-08-15

Tenesteomtalar for Balestrand kommune

Tenesteomtalane til Balestrand kommune

Kva er tenesteomtalar?

Tenesteomtalar er forståelege og utfyllande omtalar av kommunen side tenester og kva dei eigentleg inneheld.

 

Dei skal vere synlige for brukarar(innbyggjarane) slik at dei veit kva dei kan forventa av kommunen.

 

Dei er også eit verktøy for kommunen sine servicetilsette og for sakshandsamarane.

 

Ei rettleiing for både innbyggjarar og tilsette i kommunen.

Korleis finn eg desse?

Venstremenyen hjelper deg å finne fram

 

Emnene er delt i tre nivå som skal hjelpe deg dit du ynskjer

 

Når du har komme til nederste nivå finn du tenesteomtalen

 

Tenesteomtalar som er beslekta vil du finne på høgre sida, Har kan også einingar, kontaktinformasjon og statleg informasjon vere alt etter kva side du er på. Klikk på biletet i toppen for å komme til startsida att. Tenestene finn du i menyen "Alle tenester" på framsida eller du kan søke på tenester i søkeboksen vår.

Statleg informasjon

Web levert av CustomPublish AS