Miljøplan i jordbruket
Generelt om tjenesten
Beskrivelse
Miljøplan i jordbruket er eit hjelpemiddel til å skildre og gjennomføre miljøtiltak på garden. Du skal ikkje sende planen inn til kommunen, men oppbevare han i ti år for revisjon og kontroll. Dersom miljøplanen din ved kontroll ikkje oppfyller krava til ein slik plan, vil produksjonstilskotet bli redusert.
Miljøplanen skal mellom anna bidra til meir miljøvennleg jordbruksproduksjon og synliggjere miljøinnsatsen i jordbruket. Han inngår som ein del av Kvalitetssystem i landbruket (KSL), som dokumenterer korleis matproduksjonen skjer på gardsbruka.
Målgruppe
Føretak som mottek produksjonstilskot, med unnatak av føretak som berre mottek tilskot til honningproduksjon.
Kriterier/vilkår
Miljøplan trinn 1 inneheld sjekkliste, ev. med tiltaksplan, gjødslingsplan, sprøytejournal og kart. Dersom eit føretak manglar miljøplan ved søknad om produksjonstilskot, blir tilskotet redusert etter satsar fastsett i jordbruksavtalen. Søkjer du i tillegg stønad til å gjennomføre spesielle miljøtiltak i jordbruket, skal du ha miljøplan trinn 2.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
aaa
Praktisk informasjon
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Kommunen kan hjelpe deg med å skaffe kart og generell informasjon om miljøplanarbeidet. Du kan også få opplysningar om miljøverdiar og miljøutfordringar som gjeld i det aktuelle området.
Skjema
Du fyller blant anna ut ei sjekkliste frå Statens landbruksforvaltning.
Miljøplan - sjekkliste (SLF)
Veiledning - utfylling av sjekkliste
Søknaden sendes til
Balestrand kommune
Kong Beles veg 20
6899 Balestrand
Saksbehandling
Dersom miljøplanen ved kontroll ikkje blir godkjend, gjer kommunen vedtak om dette.
Klagemulighet
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp hva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klag blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.
___ Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Avdeling:
- Servicekontoret
- Telefon:
- 57 65 12 00
- Epost:
- postmottak@balestrand.kommune.no
- Postadresse:
- Kong Beles veg 20
6899 BALESTRAND
- Besøksadresse:
- Kong Beles veg 20
6899 BALESTRAND
Andre opplysninger
- Oppdatert:
- 2011-11-11 10:55
- Gyldig fra
- 2010-11-12
- Gyldig til
- 2012-08-20