Arbeid med å opprusting av Balestrand kai vert sett i gang i veke 42, dvs veka som startar med 17. oktober. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og Balestrand kommune. Statens vegvesen har ansvar for gjennomføring av prosjektet, og er formell byggherre.
Arbeidet vi omfatte reparasjonar av bæresystem og kaiplate under kaia då ein tilstandsrapport avdekka relativt omfattande korrosjonskader. I tilegg vil kaidekket bli bli avretta og overflatebehandla. Langs dei gamle bygga frå Cooperhuset til Kaihuset vil kaia bli sikra til landarealet med mur der dette ikkje er gjort frå før. Prosjektkostnad for Balestrand kommune sin del vil vere kring 2,5 mill kr eks mva.
Arbeidet vil bli gjennomført av firmaet Entreprenørservice AS, og er planlagt gjennomført i perioden fram til 15.februar. Arbeidet vil bli lagt opp slik at dette får minst mogeleg konsekvensar for dei som bur og driv næring i området, men ein må då rekne med avgrensingar i parkering og til tider kjøremønster. Ein vil komme attende til dette.
Frå Balestrand kommune si side er vi godt nøgde med det samarbeidet som no er inngått med Statens vegvesen. Vi er her sikra samarbeid med ein aktør som har god kompetanse på området, og slik vi vurderer det er vi på den måten sikra at prosjektet vert gjennomført på ein god måte. Dette prosjektet er det også mange som har sett behov for og ynskt at kommunen skal gjennomføre. Vi får då førebu oss på ein anleggsperiode med nokre avgrensingar og ulemper, når vi veit at sluttresultatet vert bra!