Bilde fra Balestrand
English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten: 

Ordensreglement i grunnskulen

Generelt om tjenesten

Beskrivelse

Kommunen skal gje forskrifter om ordensreglement for grunnskolen. Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevar og foreldre. Reglementet skal innehalde reglar om framferd og tiltak og framgangsmåte ved brot på reglementet.

Sanksjonar som ikkje framgår av ordensreglementet kan ikkje brukast. Fysisk refsing eller annan krenkjande behandling må uansett ikkje brukast.

Målgruppe

Elevar i grunnskolen og deira føresette.

Kriterier/vilkår

Før det blir gjort vedtak om bortvising eller anna form for refsing, skal eleven ha ein sjanse til å uttale seg munnleg for den som skal ta avgjerda. Før rektor sjølv vedtar bortvising, skal rektor rådføre seg med lærarane til eleven. Andre hjelpe- eller refsingstiltak skal vere vurderte før bortvising blir vedtatt.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa

Serviceerklæring

___

Praktisk informasjon

Søknaden sendes til

Balestrand kommune
Kong Beles veg 20

6899 Balestrand

Klagemulighet

Du kan klage på dei mest alvorlege refsingstiltaka, det vil seie vedtak om bortvising for éin dag eller meir. Klaga må vere skriftleg og grunngjeven. Klaga sender du til rektor. Klagefristen er tre veker etter at melding om vedtaket er mottatt. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal rektor vurdere om det er grunn til å endre vedtaket. ___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:
Servicekontoret
Telefon:
57 65 12 00
Epost:
postmottak@balestrand.kommune.no
Postadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND
Besøksadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND

Andre opplysninger

Oppdatert:
2011-11-11 10:55
Gyldig fra
2010-10-13
Gyldig til
2012-08-20

Tenesteomtalar for Balestrand kommune

Tenesteomtalane til Balestrand kommune

Kva er tenesteomtalar?

Tenesteomtalar er forståelege og utfyllande omtalar av kommunen side tenester og kva dei eigentleg inneheld.

 

Dei skal vere synlige for brukarar(innbyggjarane) slik at dei veit kva dei kan forventa av kommunen.

 

Dei er også eit verktøy for kommunen sine servicetilsette og for sakshandsamarane.

 

Ei rettleiing for både innbyggjarar og tilsette i kommunen.

Korleis finn eg desse?

Venstremenyen hjelper deg å finne fram

 

Emnene er delt i tre nivå som skal hjelpe deg dit du ynskjer

 

Når du har komme til nederste nivå finn du tenesteomtalen

 

Tenesteomtalar som er beslekta vil du finne på høgre sida, Har kan også einingar, kontaktinformasjon og statleg informasjon vere alt etter kva side du er på. Klikk på biletet i toppen for å komme til startsida att. Tenestene finn du i menyen "Alle tenester" på framsida eller du kan søke på tenester i søkeboksen vår.

Tenesteomtalar

Web levert av CustomPublish AS