Salsløyve for alkohol
Generelt om tjenesten
Beskrivelse
Personar eller verksemder som ønskjer å selje og utlevere alkoholhaldig drikk for drikking utanfor salsstaden, må søkje kommunen om salsløyve. Det blir ikkje gitt løyve til bensinstasjon eller kiosk. Salsløyvet gjeld drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol. Løyvet blir gitt for maksimum fire år om gongen.
Endringar i løyve skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan for eksempel skje ved skifte av styrar og avløysar, endringar i driftskonsept eller endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Løyvet fell bort dersom verksemda blir overdradd til andre. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheita er underetta om det. Det må søkjast om nytt løyve så snart som mogleg og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.
Kriterier/vilkår
Løyvesøkjaren og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel. For kvart løyve skal det peikast ut ein styrar med avløysar. Begge må ha stått kunnskapsprøva om alkohollova. Dei må vere over 20 år, arbeide i verksemda og oppfylle dei krava som alkohollova stiller.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Partnere
- Vaktselskap/kontrollørar
- Lensmann/politi (skal uttale seg om vandelen til søkjaren og sentrale personar)
- Skatteetaten (skal kontrollere / uttale seg om at den som har løyvet, held seg etter skatte-, avgifts- og rekneskapslovgivinga)
aaa
Praktisk informasjon
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Du må søkje skriftleg. Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing.
Vedlegg
- Planteikningar over arealet og funksjonane i lokalet
- Dokumentasjon på stått kunnskapsprøve om alkohollova
- Firmaattest frå Brønnøysundregistra
- Eventuell skatteattest
Søknaden sendes til
Balestrand kommune
Kong Beles veg 20
6899 Balestrand
Saksbehandling
Når søknaden er motteken i kommunen, blir det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Løyve blir gitt etter skjønn. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein kan tenkje seg at du blir misfornøgd med vedtaket. Dersom grunngivinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.
Saksbehandlingstid
Behandlingstida i kommunen er rekna ut til om lag tre månader.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
___ Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
- Avdeling:
- Servicekontoret
- Telefon:
- 57 65 12 00
- Epost:
- postmottak@balestrand.kommune.no
- Postadresse:
- Kong Beles veg 20
6899 BALESTRAND
- Besøksadresse:
- Kong Beles veg 20
6899 BALESTRAND
Andre opplysninger
- Oppdatert:
- 2011-11-11 10:55
- Gyldig fra
- 2010-09-20
- Gyldig til
- 2012-08-20