Ordførarane har merka seg statsråd Sanner sin uttale i Debatten på NRK, der han sa at regjeringa vil medverka til samanslåinga av kommunane Balestand, Leikanger og Sogndal. Ordførarane har invitert statsråd Sanner til eit møte for å drøfte dette nærare.

Tema for møtet vil mellom anna vere:
Det er viktig at den nye kommunen får klargjort status for noverande og nye statlege arbeidsplassar. Me må også bli trygge på at me beheld noverande statlege arbeidsplassar som er lokalisert til Sogn.

Vidare må vi få ei avklaring av kva som ligg i avtalen mellom partia H,FRP og V på Stortinget: «Leikanger har flere statlige arbeidsplasser, og vil motta flere gjennom utflyttingsprosessen som nå pågår.»

Dessutan ei klargjering av korleis ein skal legge til rette for ein infrastruktur innad i kommunen som gjer at dette blir ei funksjonell kommuneeining. Mellom anna er Balestrand avhengig av ferje for å kopla seg på resten av kommunen og er såleis fråskoren kontakt med resten av kommunen fleire timar for døgnet. Eit ferjefritt samband til resten av kommunen vil løyse desse utfordringane for Balestrand.

Ordførarane har klare forventningar til at Stortinget og regjeringa no følgjer opp og bidreg til at ein kan byggja ein funksjonell og slagkraftig kommune.

Harald Offerdal        Jarle Aarvoll       Jon Håkon Odd
ordførar i Balestrand    ordførar i Sogndal   ordførar i Leikanger