Samarbeid mellom Sogn kulturskule og Balestrand kulturskule i 2018

I samband med at rektor for Balestrand kulturskule har blitt pensjonist, vil Balestrand -  og Sogn kulturskule  samarbeide om drift i ein overgangsperiode. Dette med bakgrunn i at Balestrand, Sogndal og Leikanger vert ein  kommune frå 01.01.2020.
Dagens aktivitet vil bli vidareført så langt det er mogeleg.

I Balestrand startar ein opp med tilbod om gitar-undervisning, og vidareførar dans, piano og kunst. Det er planlagt tilbod om barnekunst.

Born og unge i Balestrand kan søkja på tilboda i Sogn kulturskule på like vilkår som born og unge i Luster, Sogndal og Leikanger. Søkjarar frå Balestrand må vera budde på å reisa til Leikanger eller Sogndal for å ta del i tilboda til Sogn kulturskule.

Tilboda til Sogn kulturskule finn ein på www.sognkulturskule.no. Dei fleste tilboda har noko venteliste.

Kontaktperson ved påmelding er Roar Sandnes,  www.sognkulturskule.no

 

Kontakt underteikna om du har andre spørsmål knytt til Kulturskulen

Med helsing
Kari Rønnestad
Kommunalsjef for oppvekst og kultur i Balestrand kommune
kari.ronnestad@balestrand.kommune.no
Mobil: 97671166

 

 

Tips ein ven Skriv ut