Saurdal Skiarena : skiløyper - trekk - dugnad
Vinteren kom brått med omlag 70 cm snø, og vi kan starte sessongen på delar av anlegget i Saurdal.
Laurdag 10. desember vert det ei prøveopning med 3 km skiløype, klassisk-friteknikktrasse.
Vi vil og få montert opp tautrekket, og håper å få til ei prøvekøyring for dei som vil renne i bakken.
Det er fint om du kan stille på ein liten dugnad med spade frå kl 11.00 på laurdag 10. desember.
Hugs timekøyringa starter med heile time opp og halve timer ned.
Velkomne.
Saurdal Skiarena
styret

