Bilde fra Balestrand
English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten: 

Sjølvbyggjar

Generelt om tjenesten

Beskrivelse

Ønskjer du å byggje din eigen garasje, heilårs- eller fritidsbustad, eit uthus eller eit tilbygg? Det er mogleg å søkje om godkjenning som sjølvbyggjar (ha personleg ansvarsrett) for søknadspliktige byggjetiltak som etter lova skal vere ansvarsbelagt. Du må kunne sannsynleggjere at du har tilstrekkelige kunnskapar og erfaring for dei delane av byggjetiltaket du ønskjer å gjere sjølv. Godkjenning som sjølvbyggjar er ikkje til hinder for at du får hjelp av fagkyndige medhjelparar eller eit firma, men du vil sjølv vere ansvarleg for at plan- og bygningslova med underliggjande regelverk blir fulgt innanfor ditt godkjenningsområde.

Personleg godkjenning kan ein gje for funksjonane ansvarleg søkjar, prosjekterande og utførande. Du kan berre få godkjenning som sjølvbyggjar for arbeid av låg kompleksitet og vanskegrad (tiltaksklasse 1). Det mest vanlege er at du blir godkjend som ansvarleg utførande for heile eller delar av arbeidet, mens du har hjelp av eit firma til å søkje og prosjektere tiltaket.

For dei tiltaka der lova stiller krav om kontroll, må kontroll gjennomførast av eit uavhengig føretak med sentral godkjenning for den aktuelle kontrollfunksjonen.

Kriterier/vilkår

Har du generell bygningsteknisk utdanning og praksis, så bør du kunne bli godkjend. Andre forhold som det kan bli lagt vekt på, er om du tidlegare har vore med på oppføring av byggverk eller delteke på relevante kurs.

Byggjetiltaket kan vere

  • Einebustad (i særskilte tilfelle)
  • Delar av bustad
  • Grunnmur
  • Innvendige arbeid

Tiltaket må vere til eige bruk. Tomannsbustad eller rekkjehus er ikkje omfatta.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Direktoratet for byggkvalitet
aaa

Serviceerklæring

___

Praktisk informasjon

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Ta kontakt med kommunen for meir informasjon om det å vere sjølvbyggjar. Då får du òg meir informasjon om kva kompetanse som blir kravd for å få godkjent ansvarsrett som søkjar, prosjekterande og utførande. Om du berre ønskjer å bli godkjend som ansvarleg utførande (som er det mest vanlege), må du også ta kontakt med eit firma som kan stå ansvarleg for heile søknadsprosessen som er knytta til sjølve byggjetiltaket.

Søknaden om ansvarsrett skal følgje søknaden om løyve. 

Søknad om løyve kan òg delast opp. Når prosjekteringa er ferdig, blir det søkt om eit rammeløyve som avklarar rammene for tiltaket. Deretter, når ansvarleg føretak for utføringa og eventuell kontroll er bestemt, blir det søkt om igangsetjingsløyve. Når igangsetjingsløyvet er gjeve, kan du setje i gang arbeidet. Det er naturleg at søknad om ansvarsrett i dette tilfellet følgjer søknaden om igangsetjingsløyve (etter at rammeløyvet ligg føre).

Vedlegg

Dokumentasjon på erfaring og kompetanse

Søknaden sendes til

Balestrand kommune
Kong Beles veg 20

6899 Balestrand

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Ein fullstendig søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbegynte veke tidsfristen blir overskrida.

Har det ikkje komme nokre merknader frå naboar/gjenbuarar og uttalar frå annan myndigheit ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen går ut, blir løyvet rekna for gjeve forutsett at det du søkjer om, ikkje er i strid med gjeldande reglar og planar.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:
Servicekontoret
Telefon:
57 65 12 00
Epost:
postmottak@balestrand.kommune.no
Postadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND
Besøksadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND

Andre opplysninger

Oppdatert:
2012-02-16 10:42
Gyldig fra
2010-11-03
Gyldig til
2012-08-15

Tenesteomtalar for Balestrand kommune

Tenesteomtalane til Balestrand kommune

Kva er tenesteomtalar?

Tenesteomtalar er forståelege og utfyllande omtalar av kommunen side tenester og kva dei eigentleg inneheld.

 

Dei skal vere synlige for brukarar(innbyggjarane) slik at dei veit kva dei kan forventa av kommunen.

 

Dei er også eit verktøy for kommunen sine servicetilsette og for sakshandsamarane.

 

Ei rettleiing for både innbyggjarar og tilsette i kommunen.

Korleis finn eg desse?

Venstremenyen hjelper deg å finne fram

 

Emnene er delt i tre nivå som skal hjelpe deg dit du ynskjer

 

Når du har komme til nederste nivå finn du tenesteomtalen

 

Tenesteomtalar som er beslekta vil du finne på høgre sida, Har kan også einingar, kontaktinformasjon og statleg informasjon vere alt etter kva side du er på. Klikk på biletet i toppen for å komme til startsida att. Tenestene finn du i menyen "Alle tenester" på framsida eller du kan søke på tenester i søkeboksen vår.

Web levert av CustomPublish AS