Bilde fra Balestrand
English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten: 

Skjenkjeløyve

Generelt om tjenesten

Beskrivelse

Personar eller verksemder som ønskjer å drive ein serveringsstad som sel alkoholhaldig drikk, må søkje kommunen om skjenkjeløyve. Skjenkjeløyve blir gitt for maksimum fire år om gongen. Endringar i løyva skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje til dømes ved skifte av styrar og avløysar for løyvet, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Løyvet fell bort ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheitene er underretta om dette og at det søkjast om nytt løyve så snart som råd og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

Løyvet kan gjelde

  • alkoholhaldig drikk (over 2,5 volumprosent alkohol) med høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • alkoholhaldig drikk med lågere alkoholinnhald enn 22 volumprosent 
  • all alkoholhaldig drikk

Kriterier/vilkår

Skjenkjeløyvet kan ikkje bli gitt ålene, det må òg liggje føre eit serveringsløyve. Løyvesøkjaren og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel. For kvart løyve skal det peikast ut ein styrar med avløysar som er knytta til serveringsstaden. Styrar og avløysar må begge ha stått i kunnskapsprøva om alkohollova. Begge personane må vere over 20 år og arbeide i verksemda. Dei må oppfylle dei krava som er sette i alkohollova og serveringslova.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Kunnskapsprøven - informasjon fra Helsedirektoratet

Partnere

  • Vaktselskap/kontrollørar
  • Lensmann/politi (skal uttale seg om vandelen til søkjaren og sentrale personar)
  • Mattilsynet (kontrollerer hygienen i lokala, spesielt kjøkken- og toalettforhold)
  • Skatte- og avgiftsmyndigheitene (skal kontrollere / uttale seg om at løyvehavaren held seg til skatte-, avgifts- og rekneskapslovgivinga)
aaa

Serviceerklæring

___

Praktisk informasjon

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Du må søkje skriftleg. Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing.

Skjema

Sals- og skjenkeløyve - søknadsskjema

Vedlegg

  • Planteikningar over areal og funksjonar i lokalet
  • Dokumentasjon på stått kunnskapsprøve om alkohollova
  • Dokumentasjon på stått etablerarprøve
  • Dokumentasjon på styraren / avløysaren si tilknytting til verksemda
  • Firmaattest frå Brønnøysundregistra
  • Eventuell skatteattest

Søknaden sendes til

Balestrand kommune
Kong Beles veg 20

6899 Balestrand

Saksbehandling

Når søknaden er motteken i kommunen, blir det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Løyve blir tildelt etter skjønn. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngiving dersom ein kan tenkje seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut. Kopi av vedtaket blir sendt mellom anna til politiet.

Saksbehandlingstid

Behandlingstida i kommunen er utrekna til om lag tre månader.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:
Servicekontoret
Telefon:
57 65 12 00
Epost:
postmottak@balestrand.kommune.no
Postadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND
Besøksadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND

Andre opplysninger

Oppdatert:
2012-01-19 12:52
Gyldig fra
2010-09-20
Gyldig til
2012-08-20

Tenesteomtalar for Balestrand kommune

Tenesteomtalane til Balestrand kommune

Kva er tenesteomtalar?

Tenesteomtalar er forståelege og utfyllande omtalar av kommunen side tenester og kva dei eigentleg inneheld.

 

Dei skal vere synlige for brukarar(innbyggjarane) slik at dei veit kva dei kan forventa av kommunen.

 

Dei er også eit verktøy for kommunen sine servicetilsette og for sakshandsamarane.

 

Ei rettleiing for både innbyggjarar og tilsette i kommunen.

Korleis finn eg desse?

Venstremenyen hjelper deg å finne fram

 

Emnene er delt i tre nivå som skal hjelpe deg dit du ynskjer

 

Når du har komme til nederste nivå finn du tenesteomtalen

 

Tenesteomtalar som er beslekta vil du finne på høgre sida, Har kan også einingar, kontaktinformasjon og statleg informasjon vere alt etter kva side du er på. Klikk på biletet i toppen for å komme til startsida att. Tenestene finn du i menyen "Alle tenester" på framsida eller du kan søke på tenester i søkeboksen vår.

Web levert av CustomPublish AS