SKOGINFO 1 - 2011
Til skogeigarane i Høyanger og Balestrand
- GOD ETTERSPURNAD PÅ FURU, GRAN og
- BJØRKETØMMERTØMMER
- STORE FORDELAR I BRUKA AV SKOGFOND
- GODE TILSKOTSORDNINGAR – INNTIL 70 % PÅ VEG
- GOD TILGANG PÅ PROFESJONELLE LOKALE DRIFTSLAG D.K.Skogsservice på bjørkehogst i Dalsdalen
SKOGFOND ( skogavgiftsnamnet gjekk ut i 2005)
- Skattefordelen er auka frå 60 til 85 %
- Skattefordel på alle tiltak som kan finansierast med skogfond
- Fondsmidlar kan nyttast til bioenergi
Fleire skogsveganlegg dei siste åra er finansiert ved bruk av avsett skogfondmidlar etter hogstinntekta med 85 % skattefritak.
- Tilskot til skogsvegbygging:
Ein prioriterer anlegg som er styrt via dei kommunale strategiplanane, og den nye hovudvegplan for skogsvegar som er under arbeid.
Tilskotet er inntil 70 % på bilvegar som er prioritert i hovudvegplan (sjå -fylkesatlas.no -),
Andre skogsbilvegar inntil 60 %, og traktorvegar kl 7 inntil 30 %.
- Tilskot til drifta i vanskeleg terreng:
Manuell felletilskot til hogstmaskin er kr 40,- pr.kbm og maks 35% av driftsvolumet.
Med profesjonelle skogsentreprenørar som Frivik Taubanedrift og nyetablerte D.K. Skogsservice as i Balestrand, har vi eit godt tilbod til auka aktivitet i skogavvirkinga.
Sæle Sag sitt med mitt nye og høgteknologiske sagbruk er no i full drift og syter for at mykje av virket går til lokal foredling.
Kommunen prioriterer stell av yngre lauvskogfelt og skogplanting.
Tilskot inntil 60-80% frå stat.( 10-20% kommunalt tilskot vert vurdert på innleidd arbeid).
Vitjing på garden: Mange skogeigarar vil i løpet av året få vitjing av Ingvar Åberge som er engasjert av Skogselskapet i samråd med skogbrukssjefen på oppsøkjande verksemd i høve å få registrert interesse for planting og ungskogpleie.
Bruk skjemaet på baksida som førehandssøknad til søknadsfristen 1. mars.
Meir utfyllande søknad ordast med skogbrukssjefen/jordbrukssjefen i ettertid.

