TAUBANEDRIFT PÅ 1/2 KM
I skoglia over Balestrand har taubaneentreprenør T.Frivik vert i drift med sitt imponerane driftssystem. For å nå opp dei 500 metrane mellom skogvegen og Fjærestadstølen, vert nytta ein effektivt og avansert taubane produsert av Konrad Teknick i Østerrike, med store trommelkapasitetar, sjølvgåande løpekatt, to bukkar, eit profesjonelt mannskap m.m. Mange har vel høyrt duren av løpekatta som suser opp og ned lia.
Med slik utstyr kan ei få lønsame drifter der vegkostanden er stor og ein sparer store inngrep i terrenget.
Prosjektet er eit tiltak mellom 15 grunneigarar, som har gått saman om å ruste opp eksisterande traktorveg til bilvegstandard, og der det er gitt 60 % statsstøtte med krav om uthogst av omlag 4.000 kbm. Til no er det hogd ut omlag 3000 kbm på 5 skogeigarar. Her vert det inntekter til skogeigar og tømmer til lokal verdiskaping for Sæle Sag sin produksjon. Taubanedriftene gjer eit opphald no i vinter og tek ei siste drift i denne fasen til våren. Men i tillegg til desse banedriftane er det til vinteren planlagt hogst med hogstmaskin i dei flatare partia, og som vil bli utført av DK Skogsevice i Balestrand.
Området er eit fleirbruksareal med beitedyr, skogbruk, jakt og har mange tustiar. Her får friluftslivet fordelar med betre utsikt og serleg frå Fjærestadstølen, som til no har vært heilt heil gjenvokse med skog.



