Bilde fra Balestrand
English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten: 

Tuberkuloseundersøking

Generelt om tjenesten

Beskrivelse

Kjem du frå eit land der tuberkulose er utbreidd, har du plikt til å gjennomgå ei tuberkuloseundersøking. Tuberkuloseundersøkinga består av ein tuberkulintest (hudprøve), røntgenfotografering av lungene og eventuelt ei blodprøve. Tuberkulose er ein infeksjon som kan ramme ei rekkje organ. Den viktigaste forma er lungetuberkulose. Denne kan vere livstruande utan behandling. Undersøkinga utgjer ein del av kommunen sitt program for å førebyggje og kjempe mot tuberkulose.

En person med tuberkulose har plikt til å rette seg etter legen sine tilvisingar og om nødvendig la seg isolere for å motverke at sjukdommen blir spreidd til andre.
 

Målgruppe

Desse personane har plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøkinga, jf. kapittel 3 i tuberkuloseforskrifta:

  • Personar som skal opphalde seg meir enn tre månader Noreg, som må ha opphaldsløyve, registreringsbevis eller opphaldskort og som kjem frå land der tuberkulose er utbreidd 
  • Flyktningar og asylsøkjarar som kjem frå land med høg førekomst av tuberkulose
  • Personar som skal arbeide i helse- og sosialtenesta, som lærarar eller i andre stillingar der dei har kontakt med born, og som i løpet av dei seinaste tre åra har kome frå eller har opphalde seg minst tre månader i land der tuberkulose er utbreidd

Pris for tjenesten

Tuberkuloseundersøkinga er gratis. Det gjeld òg transportutgifter.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa

Serviceerklæring

___

Praktisk informasjon

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Kommunen skal sørgje for at undersøkinga blir gjennomført så snart som råd. Flyktningar og asylsøkjarar skal undersøkast innan fjorten dagar etter innreise. Personar som skal tiltre ei stilling, skal undersøkast med lungerøntgen før tiltredinga. Hudprøve og oppfølging av denne kan skje seinare.

Søknaden sendes til

Balestrand kommune
Kong Beles veg 20

6899 Balestrand

Klagemulighet

Du kan søkje om fritak frå tuberkuloseundersøkinga. Får du avslag, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. Vedtak om isolering som er gjort av smitevernnemnda, kan overprøvast av tingretten.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:
Servicekontoret
Telefon:
57 65 12 00
Epost:
postmottak@balestrand.kommune.no
Postadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND
Besøksadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND

Andre opplysninger

Oppdatert:
2012-01-31 10:28
Gyldig fra
2010-10-07
Gyldig til
2012-08-15

Tenesteomtalar for Balestrand kommune

Tenesteomtalane til Balestrand kommune

Kva er tenesteomtalar?

Tenesteomtalar er forståelege og utfyllande omtalar av kommunen side tenester og kva dei eigentleg inneheld.

 

Dei skal vere synlige for brukarar(innbyggjarane) slik at dei veit kva dei kan forventa av kommunen.

 

Dei er også eit verktøy for kommunen sine servicetilsette og for sakshandsamarane.

 

Ei rettleiing for både innbyggjarar og tilsette i kommunen.

Korleis finn eg desse?

Venstremenyen hjelper deg å finne fram

 

Emnene er delt i tre nivå som skal hjelpe deg dit du ynskjer

 

Når du har komme til nederste nivå finn du tenesteomtalen

 

Tenesteomtalar som er beslekta vil du finne på høgre sida, Har kan også einingar, kontaktinformasjon og statleg informasjon vere alt etter kva side du er på. Klikk på biletet i toppen for å komme til startsida att. Tenestene finn du i menyen "Alle tenester" på framsida eller du kan søke på tenester i søkeboksen vår.

Statleg informasjon

Web levert av CustomPublish AS