Bilde fra Balestrand
English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten: 

Uveret Dagmar - logg og evaluering

 

Det har vorte fokus på kommunen si handtering av "Dagmar". Her kan ein lese loggen og også komme med konkrete innspel.

 

Det vart kring nyttår via heimesida til kommunen bede om tilbakemeldingar og evaluering på oppleving og handtering av uveret Dagmar. Kommunen mottok då nokre konkrete innspel. Kriseleiinga hadde etter dette eit første evalueringsmøte 4. januar.

Loggen frå hendinga og evalueringspunkta som vart sett opp i dette møtet, kan ein sjå ved å gå inn på dokumentet knytt til denne artikkelen.

Sjølv om vi kan konstatere at det ikkje var hendingar som fekk konsekvensar for liv og helse, ser vi det som viktig å vere evaluere ei slik hending, for å trekke lærdom og gjere førebuingstiltak som gjer at vi er så godt rusta som mogeleg ved nye hendingar. Det er i den samanhengen invitert til møte med grendalaga og Røde Kors 25.01.12.

Det vert med dette også bede om innspel frå alle som måtte ha konkrete framlegg til forbetringspunkt. Dette kan sendast til kommunen pr post eller som epost til postmottak@balestrand.kommune.no

 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon Balestrand kommune

Balestrand kommune
Kong Beles veg 20
6899 Balestrand
57 65 12 00
E-post

Opningstider: 09 - 15

Einingar og tilsette

Web levert av CustomPublish AS