Bilde fra Balestrand
English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten: 

Vaksenopplæring

Kommunen har ansvar for å tilby grunnskoleopplæring for voksne og fylkeskommunen har et tilsvarende ansvar knyttet til videregående opplæring. Høyskoler og ulike studieforbund tilbyr etter- og videreutdanning (omtales ikke her).

VAKSENOPPLÆRING

Retten vaksne har til grunnskoleopplæring og spesialundervisning er omtala og regulert i
§ 4 A i opplæringslova.

Dei vaksne som treng grunnskuleopplæring har rett til slik opplæring Retten til opplæring omfattar til vanleg dei faga ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskoleopplæring for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte.

Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.

Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervisning.
Vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande dugleik, har rett til slik opplæring.

Send søknaden til
Balestrand kommune v / oppvekstetaten:
Kong Beles veg 20

6899 Balestrand

Om du ynskjer å få fleire opplysningar om tenesta, så er kontaktpersonar for Balestrand kommunen:

Kari Rønnestad, pedagogisk rådgjevar tlf. 57 65 12 00
postmottak@balestrand.kommune.no

Åse Glans Urdal, leiar PPT – kontoret i Balestrand tlf. 57 65 38 54
postmottak@balestrand.kommune.no

Retten vaksne innvandrarar har til norskopplæring er omtala / regulert i introduksjonslova.

Hovudregelen er at den einskilde person har rett til 250 timar norskopplæring og 50 timar opplæring i samfunnsfag. Ved ekstra behovsprøving kan ein ved søknad få tildelt 2080 timar.

Det er Balestrand kommune som skal syte for tilbod om norskopplæring for vaksne innvandrarar. For tida kjøper Balestrand kommune denne tenesta i Høyanger kommune

Send søknaden til
Balestrand kommune v / oppvekstetaten:
Kong Beles veg 20

6899 Balestrand

Om du ynskjer å få fleire opplysningar, kontakt Kari Rønnestad, pedagogisk rådgjevar
tlf. 57 65 12 00 postmottak@balestrand.kommune.no

eller

Retten vaksne har til vidaregåande opplæring og spesialundervisning er omtala og regulert i
§ 3 – 1 i opplæringslova.

Vaksne som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring.
Vaksne som har rett til vidaregåande opplæring har rett til vurdering av realkompetansen sin og til kompetansebevis.

Elevar, lærlingar og lærekandidatar har rett til opplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande forskrifter.

Elev som etter reglane i kapittel 5 har rett til spesialundervisning, har rett til vidaregåande opplæring i inntil to år ekstra når eleven treng det i forhold til opplæringsmåla for den enkelte.

Send søknaden til
Balestrand kommune v / oppvekstetaten:
Kong Beles veg 20

6899 Balestrand

Om du ynskjer å få fleire opplysningar om tenesta, så er kontaktpersonar for Balestrand kommunen:

Kari Rønnestad, pedagogisk rådgjevar tlf. 57 65 12 00
postmottak@balestrand.kommune.no


Åse Glans Urdal, leiar PPT – kontoret i Balestrand tlf. 57 65 38 54 postmottak@balestrand.kommune.no

Skjema for søknad om norskundervisning etter introduksjonslova PDF document ODT document

Skjema for personlege opplysningar PDF document ODT document

2011-02-11

Våre tenester følgjer informasjonsstandarden LOS. Det betyr at dei kommunale tenestene er knytt opp mot såkalla emneord.

Du finn dei mest brukte emneorda på framsida. Du kan og velje eit emneord fra Los-strukturen til venstre.

Finn du ikkje emneordet du leitar etter?
Vis/skjul statlige emner

Web levert av CustomPublish AS