HeimPolitikkVal

Manntal for stortingsvalet 2017 lagt ut til offentleg ettersyn

Står du i manntalet?

Du må stå i manntalet for å kunne stemme ved stortingsvalet 11. september 2017.
Manntalet for Balestrand kommune er lagt ut til ettersyn, jf. vallova § 2-6, på følgjande stader fram til og med valdagen:

  • Balestrand rådhus (heile kommunen)

  • Nesse sambrukshus (Nessane krets)

  • Fjordtun oppvekstsenter (Fjordane krets, frå 1. august)

  • Biblioteket (Sagatun krets, frå 13. august).

Har du nyleg flytta til kommunen og folkeregisteret har teke imot flyttemeldinga drå deg innan 30. juni skal du stå i manntalet i tilflyttingskommunen. Blei flyttemeldinga teke imot etter denne datoen, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Du kan då velje om du vil stemme der på valdagen eller førehandsrøyste. Tid og stad for førehandsrøysting finn du nedst  i artikkelen.

Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan er blitt uriktig utelete frå eller blitt uriktig innførte i manntalet i kommunen, kan du krevje at valstyret rettar opp feilen. Kravet skal vere skriftleg og grunngjeve.

Adressa til valstyret er:
Balestrand valstyre
Kong Beles veg 20
6899 Balestrand

 

Eksemplar av manntal til politiske parti

Lokallag av politiske parti som stiller liste til valet og som ønskjer ei utgåve av manntalet, kan kontakte kommunen på 57 65 12 00 eller postmottak@balestrand.kommune.no. Manntalet må hentas personleg på rådhuset.

 

Tid og stad for førehandsrøysting:

Balestrand rådhus:                                                                                                                                                                                                                                                  Måndag til fredag f.o.m. 10.08.17 t.o.m. 08.09.17   kl. 0900 - 1500
Torsdag  07.09.17      kl. 1800 - 2000                                                  
Laurdag  02.09.17      kl. 1000 - 1400                                                 

Balestrand helsetun:
Onsdag  06.09.17       kl. 1100 – 1300

Sygna vidaregåande skule:                                                                                                                                                                                                                                  Tysdag 05.09.17         kl. 1100 - 1300 

 

Kontakt elles kommunen på 57 65 12 00 ved spørsmål.

 

Tips ein ven Skriv ut