Bilde fra Balestrand
English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten: 

Vassforsyning - drikkevatn

Generelt om tjenesten

Beskrivelse

Kommunen leverer vatn gjennom det kommunale leidningsnettet til dei bustadene og bygga som er knytta til nettet. Eventuelle krav til slik tilknyting blir normalt avgjort gjennom reguleringsplanen eller ved søknad om byggjeløyve. I område utan kommunal vassforsyning må det bli etablert ei eiga ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gje byggjeløyve utan at vass- og avløpsløysinga er tilfredsstillande.

Kommunen skal varsle forbrukarane om planlagde driftsavbrot og forhold som påverkar drikkevasskvaliteten, til dømes spyling av leidningsnettet. Sjå annonsar i pressa osb. Kommunen kan gje restriksjonar for å bruke vatn når det er vassmangel. Dersom naudssituasjonar gjer det nødvendig å gjere unntak frå krava til kvalitet, vil du bli informert om situasjonen og om kor lenge den mellombelse vassforsyninga vil vare. Dersom du meiner at kommunen ikkje leverer vatn i samsvar med krava i mellom anna drikkevassforskrifta, kan du reklamere etter forbrukarkjøpslova.
 

Balestrand vassverk er ei vidareføring av det private andelslaget Balestrand Vassverk A/L som vart overteke av kommunen i 1983.

Kommunen har stått for all utbygging i samband med bustadfelta i kommunen. Det betyr alt leidingsnett, basseng, pumpestasjonar etc. I tillegg har kommunen bygt nytt inntaksanlegg, ny overføringsleidning, nytt behandlingsanlegg og høgdebasseng. I praksis har all utbygging av vassverket dei siste 20-30 åra skjedd i kommunal regi.

Forsyningsområdet strekk seg frå Skåsheimselva i sør via Holmen og til Dragsvik.

Vasskjelde er frå vinteren 2010 to grunnvassbrønnar i Esebotn der vatnet vert pumpa gjennom handsamingsanlegget og vidare via ein ca 4 km lang overføringsledning til Holmen og inn på nettet. Handsaminga av vatnet er desinfeksjon ved UV og dosering med vannglass for korrosjonskontroll.

Ved ilandføringa i Holmen er det ein trykkaukestasjon som pumpar vatnet mot eit høgdebasseng på vel 1000 m3 på Skåsheim. Frå høgdebassenget på Skåsheim vert vatnet pumpa mot den øvre trykksona og eit lite basseng på ca 80 m3.

Vassverket har også ei reell reservekjelde ved at den gamle vasskjelda blir halden oppe.

Kriterier/vilkår

Drikkevatnet som kommunen leverer, skal vere hygienisk forsvarleg, klart og utan framtredande lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innehalde stoff som kan føre til helseskade i vanleg bruk. Avvik i vasskvalitetet som kjem av forhold i det interne leidningsnettet hos ein forbrukar, er normalt ikkje eit kommunalt ansvar. Større mengder brannvatn, til dømes til sprinklaranlegg, vil ikkje nødvendigvis kunne bli levert gjennom dette leidningsnettet, men sikrast på annen måte.

Pris for tjenesten


Prisar vassforsyning

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa

Serviceerklæring

___

Regelverk

___

Praktisk informasjon

Søknaden sendes til

Balestrand kommune
Kong Beles veg 20

6899 Balestrand

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:
Servicekontoret
Telefon:
57 65 12 00
Epost:
postmottak@balestrand.kommune.no
Postadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND
Besøksadresse:
Kong Beles veg 20 6899 BALESTRAND

Andre opplysninger

Oppdatert:
2012-01-11 14:24
Gyldig fra
2010-11-02
Gyldig til
2012-10-17

Tenesteomtalar for Balestrand kommune

Tenesteomtalane til Balestrand kommune

Kva er tenesteomtalar?

Tenesteomtalar er forståelege og utfyllande omtalar av kommunen side tenester og kva dei eigentleg inneheld.

 

Dei skal vere synlige for brukarar(innbyggjarane) slik at dei veit kva dei kan forventa av kommunen.

 

Dei er også eit verktøy for kommunen sine servicetilsette og for sakshandsamarane.

 

Ei rettleiing for både innbyggjarar og tilsette i kommunen.

Korleis finn eg desse?

Venstremenyen hjelper deg å finne fram

 

Emnene er delt i tre nivå som skal hjelpe deg dit du ynskjer

 

Når du har komme til nederste nivå finn du tenesteomtalen

 

Tenesteomtalar som er beslekta vil du finne på høgre sida, Har kan også einingar, kontaktinformasjon og statleg informasjon vere alt etter kva side du er på. Klikk på biletet i toppen for å komme til startsida att. Tenestene finn du i menyen "Alle tenester" på framsida eller du kan søke på tenester i søkeboksen vår.

Våre einingar

Web levert av CustomPublish AS