Bilde fra Balestrand
English Deutsch French
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten: 

Vis oss kva du er stolt av i Sogn og Fjordane og delta i Framtidsfylket videokonkurranse 2011!

Det fins mange flotte plassar, både kjende og mindre kjende, rundt omkring i Sogn og Fjordane. Vis oss din favoritt og du er med i trekninga av ein buffetkveld med gode vener på flotte Hotel Alexandra i Loen. Kanskje freistar det med ein runde i badeanlegget før supermiddagen?

Thomas Bickhardt

Framtidsfylket AS ønskjer at du skal prøve deg som filmskapar, og vise fram kva du er stolt av her i fylket.

- Vi veit at det er mange stadar rundt omkring i fylket som mange har eit spesielt forhold til, det vere seg aleine eller saman med vener og familie, i naturskjøne omgjevnader, i hovudgata eller i eigen bakhage. Vi vil at du skal vise fram din favoritt og slik vere med å få fram mangfaldet i fylket. Gjer det gjerne litt kreativt, seier nytilsett assisterande dagleg leiar Alice Blålid.

Det kjem ikkje an på kvalitet eller teknikk ved den innsendte filmen, det er sjølve innhaldet som tel.

Konkurransen er alt open for innsending av bidrag, og varer utover somaren til konkurranseslutt søndag 14. august.

- Vi vil at flest mogleg skal finne tid til å vere med på konkurransen, og i ferietid har ein gjerne overskudd, fritid og ikkje minst anledning til kanskje å reise rundt litt og bringe fram dei gode minna. Vi vil like gjerne ha bidrag frå dei i tenåra som frå dei som er midt i mellom og “godt opp i åra”, tenk for eit mangfald ein då vil kunne sjå!

Oppmodinga frå Framtidsfylket AS og juryen er klar: finn fram det de måtte ha å filme med og lag ein snutt, kanskje er det din favorittplass som gjer at du sitter i koseleg lag og med god mat på Alexandra.

Og dei som er flinkast til å spreie sin eigen video i sosiale medier, og får flest visningar, får ein flott ekstrapremie!

Meir om konkurransen og reglane finn de her:

 
Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS