Vegnamn til off. ettersyn
I samband med kommunesamanslåing og likelydane vegnamn med Leikanger og Sogndal kommunar har fellesnemnda for Nye Sogndal kommune vedteke at Balestrand kommune må endre vegnamn på vegparsellane Sognefjordvegen og Lundevegen. Formannskapet har vedtatt (sak11/19) å legge ut følgjande framlegg til nye vegnamn til offentleg ettersyn:
-
Sognefjordvegen vert erstatta av Balestrandvegen
-
Lundevegen vert erstatta av Skrovlevegen/Skrovlavegen, alt. Skrovlene/Skrovlane
Saksframlegg og saksprotokoll frå formannskapet si handsaming ligg ved. Ein ynskjer særskild tilbakemelding på namneval og skrivemåte for Skrovlane/-ene Skrovalvegen/Skrovlevegen
Frist for eventuelle merknader til dei nye vegnamna er 07.april 2019. Merknader kan sendast på e-post til postmottak@balestrand.kommune.no eller pr. post til Balestrand kommune, Kong Beles veg 20, 6899 Balestrand.