DRAUMKVEDET med Berit Opheim og Mari Midtli

DRAUMKVEDET vert rekna som "den norske nasjonalballaden" og handlar om Olav Åsteson, som fell i søvn julekvelden og vaknar ikkje før 13. dag jul. Då rir han til kyrkjes og fortel om draumen han har hatt. Til å framføre dette verket har me fått to av våre framragande folkesongarar, nemleg Berit Opheim frå Voss og Mari Midtli frå Sel i Gudbrandsdalen. Det er fyrste gong Draumkvedet vert framført i Sogn, så dette trur me vil bli ei stor oppleving både for utøvarar og publikum. Billettar kan førehandstingast hos Helene på tlf 91552211. Bill.pris kr 250,- Kan og betalast med Vipps. Etter framsyninga held Dagfinn ope hus i Prestegarden. Velkomne!

Arrangør: KYRKJA I LUSTER/JOSTEDAL SPEL- OG DANSARLAG
: Dale kyrkje, Luster
Tid: fredag 18. januar 18:00
Kulturarrangement
https://www.facebook.com/events/3607341380...