Strikkekafé med handarbeidslaget Sans og Samling

Handarbeidslaget Sans og Samling inviterer til strikkekafé på Cafe Herman fire tysdagar i vår. Her kan alle som vil kome, med eller utan handarbeid, og skravle og kose seg med ein kopp kaffi/te eller eit glas vin/øl. Strikkekafeen vert med andre ord flytta frå våre eigne lokale i kjellaren i Riverdalen 2, til Cafe Herman. Det er dei same dagane som tidlegare annonsert. Vi tek sikte på å starte kl 19, og held ope eit par timar. Ein kan kome når det passar.

Arrangør: HANDARBEIDSLAGET SANS OG SAMLING
: Cafe Herman
Tid: tirsdag 23. april 19:00
Kultur
http://www.sansogsamling.net/2019/01/24/st...