Balestrandprisen 2017

Balestrandprisen  vert delt ut i kommunestyremøte i november 2018.

Har du eit eller fleire gode framlegg til kven som bør få prisen, er det høve til å komme med forslag til kandidatar.

I vedtektene til prisen er det  sagt at prisen har som føremål å fokusere på positive tiltak innan bygningsmiljø/hagemiljø, næring, nyetablering, kultur og kulturarv, frivillig arbeid m.m. Mottakaren av prisen har på sitt område vist evne og vilje til å yte aktiv innsats for innbyggjarar i Balestrand kommune. Prisen kan delast ut til einskildpersonar eller grupper av personar, bedrifter, lag og organisasjonar  m.. fl som høyrer heime i kommunen.

Frist for innsending av framlegg til kandidatar er  30.10.2018. Framlegg kan bli sendt pr. post, eller til postmottak@balestrand.kommune.no.

Tips ein ven Skriv ut