Balestrandprisen for 2018 - 2019

Balestrandprisen vert delt ut den 12.12.2019 - i det siste kommunestyremøtet som finn stad, der Balestrand kommune er eiga kommune.

Har du eit eller fleire gode framlegg til kven som bør få prisen, er det høve til å kome med forslag til kandidatar.

I vedtektene til prisen står det at føremålet er å fokusere på positive tiltak innan bygningsmiljø/hagemiljø, næring, nyetablering, kultur og kulturarv, frivillig arbeid m.m. Mottakaren av prisen har på sitt område vist evne og vilje til å yte aktiv innsats for innbyggjarar i Balestrand kommune. Prisen kan delast ut til einskildpersonar eller grupper av personar, bedrifter, lag og organisasjonar m.. fl som høyrer heime i kommunen.

Den 12.12.2019 vert Balestrandprisen delt ut for to år, men berre til ein mottakar. 

Frist for innsending av framlegg til kandidatar er 10.10.2019.
Det er fint om det følgjer med grunngjeving for innsendte framlegg.

Framlegg vert å sende som post til:

Balestrand kommune Kong Beles veg 20 6899, eller til

postmottak@balestrand.kommune.no.

 

 

Tips ein ven Skriv ut