Oppdrag 1

Beintøft 5.klasse Sagatun skule

5.klasse er med på Beintøft som er ein nasjonal kampanje med fokus på miljø. Beintøft er ein konkurranse som alle barneskuleelevane i landet kan delta på. Den skal inspirere til å gå, sykle eller reise kollektivt til skulen. Slik blir det mindre forureining der vi bur, lufta blir reinare, området rundt skulen blir tryggare og det blir mindre utslepp frå bilar. De kan lese meir om beintøft her: https://www.beintoft.no/

 

I samanheng med dette, får vi ulike oppdrag. Sist veke såg vi på trafikktryggleiken og "Hjertesona" til Sagatun skule. Vi har laga denne bildeframsyninga som ei oppfordring til dei som ferdast til og frå skulen, i området rundt og til dei som kan hjelpe oss med å gjere endringar.

De kan sjå filmen på Sagatun skule si heimeside: http://www.sagatunskule.no/?nyhende=1264

Tips ein ven Skriv ut