Brøyting på Nessane og Lånefjorden

 

 

Balestrand kommune inngått nye brøyte- og driftsavtalar på Nessane og i Lånefjorden for 2018.

 

På Koldingsnesvegen i Lånefjorden  er det Harald Koldingsnes som har avtale. Det er ingen endringar i omfang. Dersom det er forhold på vegen som ein vil gje tilbakemelding om kan de ta kontakt med Harald Kodingsnes direkte (41508312) eller FDV- ansvarleg i kommunen Jan Erik Thorsnes  (91133047).

 

På Nessane er det Geirmund Hanevik som har avtale. Det er ingen endringar i omfang for vegen til Nesseplast, bustadfelt og Nessadalsvegen opp til vassverket. Nessadalsvegen frå vassverket og opp i Nessadalen vil også forsøkt helde open gjennom veka, men ein vil ikkje priortere denne vegen så høgt som de andre vegane då det ikkje bur folk på nokon bruk i dalen. Ein vil prioritere å brøyte vegen til helg og helgeutfart. Vegen vil bli  brøyta på kort varsel ved beredskapssituasjonar. Dersom det er særskilde behov for tilkomst, eller forhold på vegen som ein vil gje tilbakemelding om, kan de ta kontakt med Geirmund Hanevik direkte (90054068) eller FDV- ansvarleg i kommunen Jan Erik Thorsnes  (91133047).

Tips ein ven Skriv ut