Bilete av jents som klatrar i eit fruktre

Bu i Balestrand

Har du tenkt på at kvar dag er ein del av livet? - at kor du vel å bu, og kva du fyller dagane med, er dei viktigaste vala for korleis livet vert..

Balestrand har ikkje alt, men har mykje bra og nokre unike kvalitetar.
På denne sida vil vi servere nokre smakebitar, nokre glimt, av det Balestrand er og kan tilby.

Men hugs! Balestrand er ikkje ein stad vi berre set oss ned, tek i mot og konsumerer. Vi ynskjer å inspirere kvarandre, vere engasjerte menneske som får fram det beste i kvarandre. Ikkje vere tilskodarar til ferda, men vere med og vere aktive. Slik at vi kvar og ein, og i fellesskap, er med på å skape ein god plass å bu på.

Vil du vite meir eller treng hjelp til noko  – så står vi i Balestrand kommune til din teneste!

Tips ein ven Skriv ut