Bustadrådgjevingsgruppe

Det er starta opp ei bustadrådgjevingsgruppe i Balestrand kommune.

Prosjekt Bustadtilpassing vart gjennomført i 15 kommunar i Hordaland og Sør-Trøndelag frå 2004-2006. Prosjektet vart årleg utvida og frå 2007-2009 vart 7 kommunar i Sogn og Fjordane med. Prosjektet blir vidareført og skal no omfatte alle kommunar i Sogn og Fjordane.

Målet med prosjektet er å leggja til rette for at personar som treng tilrettelagt bustad skal få ein føremålstenleg bustad.

Prosjektet har hatt fokus på samarbeidet mellom dei ulike aktørane på kommunalt nivå og dei statlege etatane Husbanken og NAV Hjelpemiddelsentral. Erfaringar frå prosjektet har synt at tverrfagleg arbeid rundt bustadsaker er naudsynt, ofte er det behov for både økonomisk, teknisk og helsemessig kompetanse.

Bustadrådgjevingsgruppa i Balestrand kommune består dermed av Vigdis Sæterbø som administrerer dei økonomiske ordningane (lån og tilskot), ingeniør frå teknisk etat-for tida Arne Abrahamsen og kommunal ergoterapeut-Sara Brosvik.

Me kjenner til dømes til at tilskot kan gjevast i staden for heis/rampe og om prosjekterings- og utgreiingstilskot. Gruppa møtes fast 1 gong i halvåret, elles ved behov. Koordinator for gruppa, ergoterapeut Sara Brosvik

 

Bustadrådgjevingsgruppe i Balestrand kommune
Representerer Namn
Økonomiske ordningar(lån og tilskot) Vigdis Sæterbø
Ingeniør frå teknisk etat Arne Abrahamsen
Kommunal ergoterapaut Sara Brosvik

 

Tips ein ven Skriv ut