Detaljreguleringsplan for Veganeset - høyring/off. ettersyn

 

Formannskapet har i møte 31.01.19 gjort vedtak med heimel i Plan og bygningslova § 12-11 om at «Detaljreguleringsplan for Veganeset, 11.01.19» blir lagt ut til offentleg ettersyn og sendt på høyring. Planområdet er på austsida av Veganeset  i Balestrand kommune. Planen omfattar arealføremåla: Fritids- og turistføremål, småbåtanlegg, køyreveg, annan veggrunn, grøntstruktur, friområde i sjø og ferdselsområde i sjø.

Høyringsfrist er 19.03.19. Eventuelle uttaler vert å sende til Balestrand kommune innan denne fristen.

Planen ligg til offentleg ettersyn i papirformat på Balestrand rådhus, Balestrand folkebibliotek, Fjordtun oppvekstsenter og Nessane sambrukshus. Planen med alle tilhøyrande dokument ligg i elektronisk format her:

 

1. Planomtale

2. Føresegner

3. Plankart

4. Illustrasjonsplan

5. Illustrasjonsplan i 3D

6. VA-plan

7. ROS-analyse

 

Sakframlegg til formannskapet 31.01.19

Saksprotokoll - sak 9/19 i formannskapet 31.01.19

 

 

Tips ein ven Skriv ut