eFaktura

E - faktura

Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Sogndal kommune, Leikanger kommune og Balestrand kommune tilbyr no eFaktura til sine kundar. Om lag 90 prosent av alle faktura blir i dag betalt i nettbank, likevel får dei fleste faktura sendt på papir. Dette er no i ferd med å endre seg. Fleire kundar etterspør eFaktura. Det er smart at kundar startar omstille seg til denne løysinga. Om eit par år vil faktura innan offentleg sektor vere eit krav.

 

Kvifor ta i bruk eFaktura?
eFaktura er ein enkel og grei måte å betale rekningar på. I staden for den ”forelda”  faktura  på papir, kor ein må skrive inn alle detaljar i nettbanken, kan ein med eFaktura få dette ferdig utfylt. Ein treng berre godkjenne betalinga. Det viktige er at man kryssar av for eFaktura fyste gongen man betalar rekninga, elles blir ein ikkje gjort merksam på dette neste gong ein skal betale.  Då må ein gå inn på eit eige val for forslag til avtaler i nettbanken og hente og krysse av for forslaget.
Er det andre fordelar med eFaktura?
Ja, papirfaktura kjem ikkje bort blant anna post i postkassa. Du kan få også tilleggsvarsling i forkant på epost. Du har full kontroll og oversikt på alle detaljar, samt du kan endre på både sum og forfallsdato. Som bonus sparar ein også miljøet med denne ordninga. Det er ikkje lenger behov for å sløse vekk pengar på papir, konvoluttar og porto. På same tid vil løysinga bli billigare med eFaktura.
Korleis halde oversikta?
Nettbanken viser kor mange betalte og ubetalte eFaktura du har til ei kvar tid. I tillegg blir fakturaen lagra i minimum 16 månadar etter betalinga er fullført. Om ein ynskjer, kan ein også skrive ut rekninga frå nettbanken ved behov.
Kampanje
Det vil bli lagt opp til ein kampanje for alle som teiknar seg  eFaktura avtale i dei  aktuelle kommunane. Alle som teiknar slik avtale er med i ein konkurranse, og vil delta i ei trekkinga av ein fin premie.  Kanskje det kan vere grunnlag for ein konkurranse kva kommune som teiknar flest avtalar?????

Spørsmål og svar ved avtalegiro PDF document ODT document

Tips ein ven Skriv ut