Skaparsamling på Norsk Reiselivsmuseum

Over 40 personar brukte fredagskvelden på skaparsamling i Balestrand

Godt frammøte på første skaparsamling

Fredag 17. august arrangerte Balestrand Næringsforum og Balestrand kommune den første skaparsamlinga for innbyggjarar og næringsliv i Balestrand. Skaparsamling er ein møtestad retta mot alle som ynskjer å engasjere seg i at Balestrand skal få ei positiv utvikling, og vil bli arrangert med ulike tema i tida framover. Til første samlinga var Susanne Poulsson frå Norsk Reiselivsmusem innleiiar. 

Poulsson gav ei orientering om arbeidet på museet, og kunne mellom anna fortelle at besøkstalet i sommar ser ut til å bli høgre enn i fjor. Vidare fortalde ho om korleis dei jobba med å skape meir levande innhald i lokala, både i eigen regi og i samspel med andre. Ho avslutta innlegget med ein Kahoot, som er ein quiz der deltakarane brukte mobilane til å svare. 

Til slutt fekk dei frammøtte høyre Rasmus Mo sei noko om korleis me saman skapar den staden me ynskjer at Balestrand skal vere. Eit innlegg til inspirasjon og ettertanke, og som me tek med oss vidare i arbeidet med å utvikle Balestrand. 

Etter progammet var ferdig samla om lag halvparten av deltakarane seg til oppsummering og diskusjon på Kviknes. Mange gode diskusjonar heldt fram ut over kvelden, kanskje vart det sådd nokre frø? 

Tips ein ven Skriv ut